Hopp til innhold

Ikea-sikta budde på asylmottak

Den eine av dei sikta for Ikea-drapa er asylsøkjar frå Eritrea, opplyser det svenske Migrationsverket til NRK.

Flagg på halv stang utenfor Ikea Västerås dagen etter knivdrap

Ikea Västerås har flagget på halv stang dagen etter dei sjokkerande drapa i kjøkkenavdelinga til varehuset.

Foto: Margret Helland / NRK

Politibil utenfor Ikea-varehus

Politiet skildrar knivdrapet på ei mor og sonen hennar på Ikea i Västerås som ei 'galen hending'.

Foto: Peter Ström / SVT

To menn på 23 og 35 år vart måndag arresterte av politiet og sikta for drapa på Ikea i svenske Västerås, nordaust for Stockholm.

Ein av desse var fram til ugjerninga tysdag ettermiddag busett på eit asylmottak i Västmanland, opplyser Migrationsverket i Sverige, som svarar til Utlendingsdirektoratet (UDI) i Noreg overfor NRK.

– Eg kan stadfesta at den eine personen er frå Eritrea og budde på asylmottaket. Han er etter det eg kjenner til utan familie her i Sverige, seier pressesjefen i Migrationsverket, Fredrik Bengtsson.

Anonyme politikjelder seier til svenske Aftonbladet at dei to sikta for knivdrapet kjenner kvarandre fordi dei bur på det same asylmottaket. Bebuarane på mottaket stadfestar overfor den svenske avisa at politiet har vore på staden og ransaka fleire rom.

– Eg vil på noverande tidspunkt verken stadfesta eller avkrefta om den andre personen også var busett der, seier Bengtsson i Migrationsverket til NRK.

Nektar straffskuld

Den sikta 23-åringen har sidan pågripinga sete i avhøyr med politiet og avviser at han står bak ugjerninga.

– Mannen som er avhøyrt nektar straffskuld, seier påtaleansvarleg Eva Morén til Aftonbladet tysdag morgon.

23-åringen skal ifølgje avisa ikkje vera tidlegare straffa.

Den andre av dei to sikta vart funnen alvorleg såra like ved dei drepne.

Den sikta 35-åringen er operert og har førebels ikkje vore i stand til å snakka med politiet. Tilstanden hans er tysdag kritisk, men stabil. Verken mora eller sonen skal ha forsvart seg og det er framleis uvisst korleis den sikta 35-åringen vart skadd.

– Me skal samla inn svært mykje informasjon og har eit enormt arbeid framfor oss. Meir enn det kan eg ikkje seia, me kommenterer ikkje etterforskinga, seier Morén.

Politi utenfor Ikea

Ikea Västerås held i dag stengt. Politiet er i område for å snakka med folk om det som har skjedd.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB scanpix

Sjekkar overvakingskamera

Det var ei 55 år gamal kvinne og sonen hennar på 28 år som vart drepne med kniv medan dei var på handletur på Ikea.

De to drepne kjem frå ein by utanfor Skellefteå, nordaust i Sverige, ifølgje den svenske avisa Norran. Dei pårørande skal vera varsla, får avisa opplyst frå politiet tysdag føremiddag.

Politiet trur offera var tilfeldig valde.

Drapa skjedde i kjøkkenavdelinga og skal ha blitt fanga opp av varehuset sine overvakingskamera, som politiet no har teke beslag i. Det var også fleire vitne til stades.

Politiet opplyser på ein pressekonferanse tysdag morgon at dei ikkje kan gå nærare inn på motivet bak ugjerninga, ettersom dei framleis er på eit tidleg stadium i etterforskinga.

Om lag 100 politifolk er involverte i etterforskinga av Ikea-drapa.

SISTE NYTT

Siste nytt