Hopp til innhold

I dag hakka dei seg gjennom muren - på Vestbreidda

Det er 25 år sidan Berlinmurens fall. Det vart også markert i Bir Nabala på Vestbreidda, der palestinske ungdommar hakka seg gjennom muren som omkrinsar byen. Aksjonen markerer også slutten på ei valdeleg veke på Vestbreidda.

TOPSHOTS-PALESTINIAN-ISRAEL-WEST BANK

Med eit palestinsk flagg markerer dei unge aktivistane at dei har klart å kome seg gjennom muren som omkrinsar byen Bir Nabala på Vestbreidda. Dei markerer at det er 25 år sidan Berlinmurens fall på sin heilt eigen måte.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp

TOPSHOTS-PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT

Eit lite lysskjær kjem inn på den palestinske sida av muren.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp
PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT

Dei fekk merksemd frå fleire journalistar, aktivistane som hakka seg gjennom muren på Vestbreidda, på dagen 25 år etter Berlinmurens fall.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp
PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT

Dei er gjennom, og kan sjå inn på det som vert omtalt som den israelske sida, sjølv om også det området høyrer til det opphavlege Vestbreidda.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp
PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT

Aktivistane klarte å kome seg gjennom muren.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp
Mideast Israel Palestinians

Kvar dag hopper folk over muren som omkrinsar Bir Nabala, for å kome seg til jobb.

Foto: Majdi Mohammed / Ap

Ein åtte meter høg vegg skil drabantbyen Bir Nabala frå omgjevnadane. Den vesle staden, rett utanfor Jerusalem, vart mura inne i 2006, då Israels barriere på Vestbreidda vart bygd rundt byen.

Innanfor murane bur rundt 15.000 palestinarar, som berre kan kome seg ut gjennom undergangar eller ein veg som er strengt vakta. Ofte hoppar også folk over muren, for å kome seg til arbeid eller andre gjeremål på den andre sida.

I dag hakka ein gjeng med unge, palestinske aktivistar seg gjennom muren. Dei klarte å lage eit stort hol, men muren står framleis støtt.

– Det har ingenting å seie kor høge barrierane er, for dei vil uansett falle. Slik som Berlinmuren fall, vil den Palestinske muren falle, heiter det i eit utsegn som skal ha kome frå aktivistgruppa, gjennom det palestinske nyheitsbyrået Ma'an News.

«Apartheidmur» eller «tryggingsgjerde»

Israel meiner muren må til for å skape tryggleik i området, men kritikarane til muren peiker til at barrieren også er bygd inne i Vestbreidda, noko som er særs omstridd.

Muren er fordømd frå mange hald, mellom anna FNs Generalforsamling, og den internasjonale domstolen i Haag meiner bygginga av muren er eit brot på folkeretten.

Muren, som er 670 kilometer lang, har fått fleire kallenamn. Blant israelarar vert den kalla «tryggingsgjerdet», medan enkelte palestinarar kallar den for «apartheidmuren». «Anti-terror-gjerdet» og «separasjonsbarriere» er andre namn, som vert brukte.

Det er heller ikkje uvanleg at det vert gjort samanlikningar med, nettopp, Berlinmuren.

Det har vore mykje uro på Vestbreidda dei siste dagane, grunna usemje om bruken av tempelplassen og Al-Aqsa-moskeen i Jerusalem. Israelsk politi og palestinske ungdommar har braka saman fleire gonger dei siste døgna.

SISTE NYTT

Siste nytt