Gjensyn med husdyr i East Limestone i Alabama. - Denne mannen i East Limestone i Alabama fekk eit gledeleg gjensyn med den sakna hunden sin etter tornadoen. - Foto: Gary Cosby Jr / Ap

Denne mannen i East Limestone i Alabama fekk eit gledeleg gjensyn med den sakna hunden sin etter tornadoen.

Foto: Gary Cosby Jr / Ap

Hus knuste til pinneved av tornado

Minst åtte menneske er kritisk skadde etter at fleire kraftige tornadoar ramma sørstatane i USA i dag. Fleire hundre hus er knuste til pinneved, og fleire tusen menneske er utan elektrisk straum.

Ein mann ser på øydeleggingane på huset sitt i Huntsville i Alabama. - Øydeleggingane i Huntsville i Alabama er enorme etter tornadoen i dag. - Foto: Eric Schultz / Ap

Øydeleggingane i Huntsville i Alabama er enorme etter tornadoen i dag.

Foto: Eric Schultz / Ap

Minst tre menneske har mista livet i Jefferson County, da tornadoar trefte den sørlege delen av staten, opplyser myndigheitene i Indiana.

Det er gjort omfattande skade på bygningar, vegar og annan infrastruktur i fleire delstatar, og det er venta at uveret vil halde fram utover dagen og kvelden lokal tid.

Seint fredag kveld norsk tid melder nyheitsbyrået Ap at heile byen Marysville i det sørlege Indiana er fullstendig rasert.

LES OGSÅ: Rekordstore forsikringskrav etter fjorårets naturkatastrofer

65 tornadoar denne veka

Store område i det sørlege Ohio, Illinois, det sørlege Indiana, det meste av Kentucky, den sentrale delen av Tennessee, det nordaustlege Mississippi, Missouri og det nordvestlege Alabama er hardt ramma.

Det er rapportert om minst 17 tornadoar hittil i dag, og dermed er talet kome opp i 65 i løpet av denne veka. Minst 12 menneske har mist livet i uveret hittil.

Madison County i Alabama er verst ramma i dag. Mange hus er fullstendig øydelagde, kraftmaster og leidningar ligg på bakken og bilar ligg strøydde

Ein tornado i aksjon i Huntsville i Alabama. - Ein tornado i aksjon i Huntsville i Alabama. - Foto: Eric Schultz / Ap

Ein tornado i aksjon i Huntsville i Alabama.

Foto: Eric Schultz / Ap

omkring, blir det rapportert. Svært mange er utan straum, i byen Huntsville i Alabama åleine er minst 17.000 straumlause.

Ein by borte

Fleire tornadoar har etterlet «ekstreme skader» i Henryville-område, ifølgje National Weather Service koordinator, Bill Whitlock.

Ifølgje Clark County Sheriff, Chuck Adams, er den nærliggende byen Marysville, med 1900 innbyggjarar «heilt borte».

Tidlegare enn normalt

Tornadosesongen i går har kome tidlegare enn normalt, truleg på grunn av ein heller mild vinter i dette området. Tornadoane oppstår når kaldfrontar møter varmare luft. Verste tida er normalt frå mars til mai i sørstatane, og lenger nord frå tidleg våren til tidleg sommar

I fjor miste 545 menneske livet i tornadoar i USA, det meste på eitt år sidan rekordåret 1936, og det tredje verste året nokon gong.

Store lastebilar låg strøydde i Harvest i Alabama. - Svære lastebilar låg strøydde etter tornadoen i Alabama. - Foto: Eric Schultz / Ap

Svære lastebilar låg strøydde etter tornadoen i Alabama.

Foto: Eric Schultz / Ap
Dette nabolaget i Athens Alabama vart hardt ramma. - Dette nabolaget i byen Athens i Alabama vart fullstendig ramponert. - Foto: Gary Cosby Jr / Ap

Dette nabolaget i byen Athens i Alabama vart fullstendig ramponert.

Foto: Gary Cosby Jr / Ap

Utvalgte dokumentarer

Svensk dokumentar. Hvordan går det med Kenta og Göran nå? De var med i skinhead-gjengen som ble filmet av Sveriges Television på slutten av 1980-tallet.
Br. dokumentar. Hvem er hun egentlig, denne karismatiske, sjarmerende eks-hockey-mammaen? For å finne det ut har Nick Broomfield kjempet seg gjennom isende kulde i Alaska og lett etter venner, fiender og kolleger som kan sette ham på sporet. (Sarah Palin: You Betcha!)
Den tyske forfatteren og journalisten Günther Wallraff er blitt en legende. Nærmere 70 år gammel kjemper han fortsatt mot urett og maktmisbruk med sine overraskende metoder. (7:8)