Hopp til innhold

Sentral homoaktivist drepen i Uganda

Ein av leiarane i homorørsla i Uganda, David Kato, vart onsdag drepen i heimen sin i Kampala.

Video Homoaktivist drepen i Uganda

Motstanden mot homofili er sterk i Uganda, der strafferamma for homoseksuell aktivitet er 14 års fengsel.

David Kato

David Kato var aktiv i den ugandiske homorørsla Sexual Minorities Uganda (Smug). Onsdag vart han brutalt drepen i heimen sin i Kampala.

Foto: Stringer / Ap

Ifølgje augevitne vart aktivisten slegen ihjel av ein mann inne i sitt eige hus, og døydde på veg til sjukehuset. Ein mann er arrestert, medan den hovudmistenkte framleis skal vera på frifot.

– Han vart drepen med ein hammar. Alle homofile bør vera på vakt no, seier leiaren for Sexual Minorities Uganda (Smug), Frank Mugisha.

Homohets i tabloidavis

Kato var ein av hundre personar som som i fjor blei hengde ut som homofile med fullt namn og adresse i ein artikkel i den lokale tabloidavisa Rolling Stone.

Med tittelen «Heng dei», oppfordra avisa til å drepa personane på grunn av legninga deira.

Kato fekk seinare medhald i retten då han saksøkte avisa for homohets.

Organisasjonen Smug seier til BBC at fleire har vorte angripne, og at Kato vart truga på livet fleire gonger etter at Rolling Stone-artikkelen stod på trykk.

Ugandisk politi avviser likevel at det er ein samanheng mellom drapet og den sentrale rolla som Kato hadde i det homofile miljøet.

– Meir skadeleg enn røyking

Internasjonale menneskerettsorganisasjonar og norske styresmakter fordømmer drapet på Kato.

– Det er trist og sjokkerande at den modige og dedikerte forsvararen for menneskerettar er drepen. Noreg oppfordrar ugandiske styresmakter til ei grundig og uavhengig etterforsking, slik at dei skuldige vert stilte for retten, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Også redaktøren i Rolling Stone, Giles Muhame seier han fordømmer drapet. 22-åringen hevdar at avisa ikkje har eit ønskje om at folk i gata skal gå til åtak på homofile personar.

– Me ønskjer at styresmaktene skal hengja folk som er forkjemparar for homoseksualitet, ikkje at innbyggjarane skal ta livet av dei, seier Muhame, som tidlegare har stempla homofili som meir skadeleg enn røyking

Redaktør for ugandiske Rolling Stone, Giles Muhame

Redaktør for ugandiske Rolling Stone, Giles Muhame (22), meiner homofile bør hengjast.

Foto: MARC HOFER / Afp

Fengselsstraff

Motstanden mot homofili er generelt sterk i Afrika, der mange ser på dette som eit importert, vestleg fenomen.

FNs generalsekretær Ban Ki-Moon har oppfordra alle land til å avkriminalisera homofili. I 37 afrikanske land er homoseksuell aktivitet likevel forbode - inkludert i Uganda. Her kan folk straffast med opp til 14 års fengsel.

Ein politikar i den ugandiske nasjonalforsamlinga fremja nyleg eit forslag om å auka strafferamma til dødsstraff for homofile som bryt lova gjentekne gonger.

Svært få homofile ugandarar torer å stå fram med legningen sin i frykt for vald, fengsel og for å mista jobbane sine.

– I Uganda er det kristne fundamentalistar som er den framste trugselen mot homofile, seier talsmann for organisasjonen Skeiv Verden i Noreg, Erik Roen til fritanke.no

Solheim er uroa

Statsråd Solheim seier fryktar at lovforslaget om dødsstraff kan bidra til å legitimera hatvald mot homofile.

– Norske styresmakter er uroa over tryggingssituasjonen til homofile i Uganda, seier han.

Ifølgje Utanriksdepartementet vil statssekretær Ingrid Fiskaa (SV) ta opp den sårbare situasjonen til homofile med styresmaktene når ho reiser til Uganda neste veke

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.