Hopp til innhold

Høgtideleg start på kongen og dronningas tur «down under»

CANBERRA (NRK): Kongen snakka om både segling og norske utvekslingsstudentar då han i natt tala under det første norske statsbesøket i Australia.

Kong Harald og Dronning Sonja i Australia

Kong Harald og Dronning Sonja signerte i gjesteboka til statsminister Tony Abbott då dei kom på besøk til ministeren i dag.

Foto: Peter Svaar / NRK

– Det er første gongen dronninga og eg er på statsbesøk i Australia, men me har begge vore her før – i 1970, sa kong Harald då han talte under ein middag hos generalguvernøren i Australia.

Deltok i VM i segling

Kongen såg tilbake til 1970 då han deltok i VM i segling, men deltakinga vekte ikkje berre gode minne.

– Ei fantastisk erfaring, sjølv om det var australiarane som kryssa mållinja først.

Kongen og dronninga sitt første offisielle besøk til Australia nokosinne. Og før dei reiser heim att skal dei også ha vore ute på båttur, hatt møte med representantar frå aboriginarfolket og vore med på eit seminar om Antarktis.

Australia Norway King Harald V, Sonja

Kongen og dronninga besøkte mellom anna ein minnestad for falne australske soldatar.

Foto: Dave Gray / Ap

Besøket starta allereie i går då kongeparet mellom anna møtte fleire nordmenn som bur i landet, deriblant krigsveteran Olav Ottesen. Og i dag besøkte dei ein minnestad for soldatar som har falt i kamp for landet.

Mette-Marit på utveksling

Kongen tok seg også tid til å nemne dei rundt 10.000 nordmennene som bur i Australia, der 2.000 av dei er studentar. Og ein av dei som har vore utvekslingsstudent kjenner kongeparet godt.

– Landet dykkar er eit av dei mest populære måla for studentar som vil utveksle. Også vår eigen svigerdotter Mette-Marit studerte her eit år då ho gjekk på vidaregåande sa kongen.

Australia Norway King King Harald

Kong Harald er saman med dronning Sonja på Noregs første offisielle statsbesøk i Australia.

Foto: Rob Griffith / Ap

Kongen drog også lengre historiske linjer, og viste til at nordmenn var blant ei første europeiske immigrantane som kom til det store landet «down under».

– Geografisk er våre to nasjonar så langt frå kvarandre som det er mogleg å vere. Men likevel har Noreg og Australia alltid hatt eit godt forhold til kvarandre, på grunn av djupe relasjonar mellom menneske, delte verdiar og veletablerte næringssamarbeid. Eg er sikker på at me vil sjå ein vekst i import og handel i åra som kjem, sa Kongen.

Kong Harald og Tony Abbott

Kong Harald i samtaler med statsminister i Australia, Tony Abbott.

Foto: Peter Svaar / NRK

Etter besøket hos generalguvernøren gjekk kongen og dronninga si reise vidare til statsminister Tony Abbott. Kongeparet skal også besøke fleire andre byer i Australia under sitt statsbesøk.

Kongen talte til generalguvernør Peter Cosgrove på den offisielle lunsjen i generalguvernørens residens.

Høyr Kongens tale til generalguvernør Peter Cosgrove

SISTE NYTT

Siste nytt