Hopp til innhold

Rekorddeltaking ved historisk Egypt-val skapte lange køar

Mykje tyder på at det er det rekordhøge talet på veljarar som har vore det aller største problemet under valet i Egypt måndag.

Kvinne ved det Egyptiske valget

Ei egyptisk kvinner viser at ho har stemt.

Foto: Bela Szandelszky / Ap

Normalt ligg valdeltakinga i Egypt på mellom 10 og 20 prosent. Ved dagens val er det venta at den deltakinga har nådd høgare enn 50 prosent.

Ei kjelde hos styresmaktene seier til den egyptiske avisa Almasry Alyoum at heile 70 prosent av dei registrerte veljarane har stemt ved valet i dag.

Den høge oppslutninga ved det egyptiske valet har ført til at ventetida somme stader er lange. Svært lange. På mikrobloggtenesta Twitter gir tusenvis av egyptarar uttrykk for stor glede ved å endeleg ha delteke i eit, ved første augnekast, fritt val. Men at tolmodet har stått på prøve er det inga tvil om.

– 12 timar i kø, hovne føter, skulking av både jobb og skule. Alt for deg, mitt Egypt. Alt for deg, skriv den egyptiske arkitekten Salma El-Banna på Twitter.

Men den lange ventetida har også skapt problem. I hovudstaden Kairo er det i kveld meldt om uro fleire stader.

Hundrevis av utolmodige veljarar forsøkte å bryte seg inn i eit røystelokale i bydelen Mansiyet Nasser i Kairo. Tryggingsstyrkane måtte bruke elektrosjokkvåpen for å halde tilbake folkemengda, melder den uavhengige egyptiske avisa, Almasry Alyoum.

Uro også andre stadar

Det er også meldt om samanstøytar mellom støttespelarane til dei ulike kandidatane i Kairo, Alexandria, Luxor og Port Said, ifølgje menneskerettsorganisasjonen One World Foundation.

Mest uro skal det ha vore i hamnebyen Port Said. Her skal det ha vore samanstøytar mellom islamistar og dei som støttar det liberale partiet. Knivar og glasflasker skal ha blitt nytta i uroa.

Utanom desse enkelthendingane har alt i alt gått roleg for seg under det historiske valet.

(artikkelen held fram under biletet)

Google doodle

Den vanlege Google-logoen er bytta ut med bokstavar som deltek i stemmeprosessen i Egypt.

Foto: Skjermdump

Google hyllar Egypt

Google har markert det historiske valet i Egypt med å lage ein såkalla «doodle» på søkjemotoren si heimeside for Egypt.

Den valinspirerte logoen viser alle bokstavane som deltek i stemmegivinga, alt frå å vente i kø, fylle ut stemmesetlar og å sleppe stemmene i urna. Google sin hyllest til Egypt har blitt godt motteken i landet.

– Google si markering betyr veldig mykje for den nye generasjonen i Egypt som nyttar ny teknologi. Me veit alle kva Google er, og kva det betyr at dei gir oss internasjonal merksemd, seier den egyptiske journalisten Nasry Esmat, ifølgje Huffington Post.

(artikkelen held fram under videoklippet)

Video Egypt valg

KLIKK FOR VIDEO: NRK-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen rapporterer frå hamnebyen Port Said.

– Brorskapen tener på oppmøtet

Den høge valdeltakinga vil truleg tene Det muslimske brorskap, meiner Khalid Fahmy, som er professor ved Det amerikanske universitetet i Kairo.

Kø til Egypt-valget

Køane strekte seg svært langt dei fleste stadar i Egypt i dag. Her frå bydelen Shubra i Kairo.

Foto: David Sperry / Ap

– Dei er den suverent best organiserte rørsla, og høg deltaking er truleg eit prov på at dei har klart å mobilisere, seier han til NTB.

Fahmy trur likevel det er for tidleg å seie om partiet til Den muslimske brorskapen, Fridoms- og rettferdspartiet, kjem til å vinne valet.

– Det handlar om kor mange røyster FJP klarar å kapre frå veljarar utanfor deira tradisjonelle nedslagsfelt. Sitt eige grunnfjell har dei kontroll på. Samtidig er FJP blitt utfordra av meir bokstavtru islamistar, salafistane, som kan kome til å stele røyster frå dei, seier ham.

Time-out på Tahrir

Dei siste vekene har det vore harde demonstrasjonar på Tahrir-plassen i Kairo, der over 40 menneske har blitt drepne. Under valdagen i dag har det vore pause i demonstrasjonane, men mykje tyder på at det vil blusse opp store protestar innan kort tid.

Mange av dei meiner at leiar for overgangsregjeringa, Mohamed Tantawi, nyttar valet for å skape eit falskt bilde på at det militære vil gi frå seg makta.

– Kvifor skal me stoppe? Tantawi er ein korrupt hund. Han trur at valet kan få oss til å gløyme planane hans. Men i morgon vil me samla her igjen, seier 26 år gamle Hada El-Rabna til den danske avisa Politiken.

Sykehus ved Tahrir-plassen

Egyptiske helsearbeidarar kvilar på eit feltsjukehus på Tahrir-plassen i Kairo. Det har i dag vore stille på grunn av valet, men demonstrantane varslar at dei vil halde fram i morgon.

Foto: Bela Szandelszky / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt