Hopp til innhold

Hissar til krig på begge sider av den koreanske halvøya

Det er kraftig krigsretorikk på begge sider av grenselina mellom dei to koreanske statane. Situasjonen er meir spent enn på svært lenge.

Video Voldsom retorikk på den kroeanske halvøy

VIDEO: Kraftig retorikk på den koreanske halvøy. Reporter er Gunnar Myklebust.

Videobileta over frå den sørkoreanske hovudstaden Seoul og den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang viser tydeleg kor spent situasjonen mellom dei to landa er no. Det er stor frykt for kva som kan skje dersom Nord-Korea verkeleg gjennomfører ein ny atomtest.

Mislukka rakettoppskyting

- Drep Kim Jong-un, står det på denne plakaten i Seoul.

– Drep Kim Jong-un, står det på plakaten til denne mannen i den sørkoreanske hovudstaden Seoul.

Foto: Lee Jin-man / Ap

Det var Nord-Koreas mislukka prøveoppskyting av ein rakett i samband med 100-årsjubileet for landsfaderen Kim Jong-il, som starta denne siste feiden mellom dei to landa.

Sør-Koreas president Lee Myung-bak var raskt ute og kritiserte nabolandet for å bruke pengane sine på rakettar og atomprogram, medan mange av innbyggjarane manglar mat på bordet.

Dette førde igjen til eit enormt raseri i nord, og på ein stor parade sist helg vart den sørkoreanske presidenten framstilt som ei rotte. Ein kvinneleg nyheitsopplesar på det statlege fjernsynet kom med truslar om at Nord-Korea er klar til øydeleggje store delar av den sørkoreanske hovudstaden Seoul.

– Klare til å angripe

Tysdag vart det brent dokker av Lee Myung-bak, og soldatar stod fram på fjernsynet om fortalde harmdirrande om kor klare dei er til å angripe nabolandet. Ein soldat seier at han er klar til å gå laus på Myung-bak berre med tørre nevar.

Nordkoreanske soldatar øver på å stikke bajonetten inn i den sørkoreanske presidenten.

Nordkoreanske soldatar øver på å stikke bajonetten i den sørkoreanske presidenten.

Foto: Ap

Det har ført til folkeleg mobilisering også i Sør-Korea, og i dag vart det stukke bajonettar og brent dokker som framstilte den noverande nordkoreanske leiaren Kim Jung-un.

Kim Jung-un

Kim Jong-un er framleis øvste leiaren i Nord-Korea, trass i den mislukka rakettoppskytinga.

Foto: Afp

Folk som blir intervjua på gata i Seoul seier rett ut at det no er på tida å gå til eit militært angrep på Nord-Korea.

LES OGSÅ: – Gi oss ordren om å marsjere mot Sør-Korea

Klar for atomprøvesprenging

I dag melde nyheitsbyrået Reuters at ei høgtståande kjelde i det nordkoreanske maktapparatet har sagt at landet no er nesten klar til å gjennomføre ei ny atomprøvesprenging . Denne kjelda har også tidlegare hatt rett om tidlegare nordkoreanske atomprøvesprengingar.

Med det sinnet som no rår på begge sider av demarkasjonslina mellom dei to koreanske statane, er det stor internasjonal frykt for kva som kan skje dersom Nord-Korea verkeleg gjennomfører prøvesprenginga.

USA åtvarar Nord-Korea

Ein talsmann for Det kvite hus i Washington åtvarar i kveld på det sterkaste Nord-Korea mot å gjennomføre atomprøvesprenginga.

– Pyongyang burde avstå frå fleire fiendtlege og provokative handlingar. Dei gjer ingenting for å fremje fred på den koreanske halvøya eller i det nordaustlege Asia, sa talsmann Jay Carney på eit pressemøte i Det kvite hus.

Satellilttbilete av praden til minne om Kim il Sung 15. april.

Dette satellittbiletet av Pyongyang 15. april i år viser folkehavet som deltok i 100-årsjubileet for Kim Il Sungs fødsel.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt