Arnold Schwarzenegger - Arnold Schwarzenegger likar å framstå som miljømedviten. - Foto: DANNY MOLOSHOK / REUTERS

Arnold Schwarzenegger likar å framstå som miljømedviten.

Foto: DANNY MOLOSHOK / REUTERS

Heller "Arnie" enn George

Når Tyskland sin utanriksminister reiser til USA for å diskutere tiltak mot klimaendringar, reiser han ikkje til presidenten i Det kvite hus, men til guvernøren i California.

Det vekkjer oppsikt at utanriksminister Frank-Walter Steinmeier ikkje planlegg å møte representantar for den amerikanske regjeringa, men heller vil snakke med California-guvernøren Arnold Schwarzenegger, som er fødd i Austerrike.

George W. Bush - George W. Bush - Foto: Susan Walsh / AP

George W. Bush

Foto: Susan Walsh / AP

President George W. Bush har ikkje ord på seg for å vere ein miljøhelt, mens Schwarzenegger vert rekna for å ha stor innverknad når det gjeld verdas miljøspørsmål.

Miljøvennleg

Filmstjerna, som ein gong var mest kjend for musklane sine og kommentaren "I'll be back", har no mellom anna gjort om på dei svære Hummerbilane sine slik at dei kan bruke hydrogen som drivstoff.

Nokre meiner det er eit forsøk på å vinne veljarane sin gunst, men den tidlegare kroppsbyggjaren har også innført lover som har gjort California til eit av dei mest miljøvennlege områda i USA 

Les også: Schwarzenegger teken i eid

Ambisiøse klimamål

Utenriksminister Jonas Gahr Støre (t.h.) sammen med sin tyske kollega Frank-Walter Steinmeier - Utenriksminister Jonas Gahr Støre (t.h.) sammen med sin tyske kollega Frank-Walter Steinmeier - Foto: BAKKEN, LINDA / SCANPIX

Utenriksminister Jonas Gahr Støre (t.h.) sammen med sin tyske kollega Frank-Walter Steinmeier

Foto: BAKKEN, LINDA / SCANPIX

Steinmeier reiser til USA kort tid etter besøket på Svalbard der han møtte utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap). 

Der understreka Støre sin ministerkollega at EU har ambisiøse klimamål.

- Alt må gjerast for å stoppe dei dramatiske verknadene av klimaendringane, sa Steinmeier då han besøkte ein av verdas nordlegaste forskningsstasjonar i Ny Ålesund. 

Les også: Tyskland med ambisiøse klimamål

- Banebrytar

Når Steinmeier prioriterer å reise til California framfor Washington D.C., så viser han tydeleg at han ikkje trur han ville kome nokon veg i Det kvite hus.

- California er ein banebrytar når det gjeld å verne miljøet og klimaet, seier Steinmeier i eit intervju med den tyske avisa Die Welt.

Schwarzenegger har sett seg som mål at CO2-utsleppa skal bli redusert til 1990-nivå innan år 2020, og han har lansert 40 ulike strategiar for å nå målet.

- I miljø- og klimapolitikken går California inn for eit nært samarbeid med Europa, fortel Steinmeier.

Han vil mellom anna diskutere handel med CO2-kvotar over Atlanterhavet.

USA har ikkje slutta seg til Kyoto-avtalen som regulerer kjøp og sal av CO2-kvotar internasjonalt.

Les også: Klimaendringer

Test også: Klimakalkulaturen

Les og høyr også om klimaverstingen Kina:

Ferskvassdelfinen er borte

Kina slepp ut mest CO2  

 

 

 

(NTB)

Utvalgte dokumentarer

Amerikansk dokumentar. Etter at de amerikanske styrkene trakk seg ut av Irak i 2011, har situasjonen i landet forverret seg. Nå regjerer et utbredt kaos, og USA blir på ny trukket inn i konflikten. Denne dokumentaren ser nærmere på USA sin rolle, fra invasjonen i 2003 til dagens desperate situasjon. (2014)
Britisk dokumentar fra 2014. Oppfølger til "Min bror, islamisten" hvor Robb følger sin halvbror Rich, for å forstå hvorfor han ble en radikal islamist og til slutt endte i fengsel for å ha planlagt terrorhandlinger. I kveld oppsøker Robb blant andre sin brors tidligere trosfeller, "Brødrene". Kan de gi en forklaring på hvorfor Rich gikk fra å være ekstremist til å bli terrorist? (My Brother: The Terrorist)
Br. dokumentar. På busstasjonen i Peshawar skjer det som skjer over heile Pakistan. Unge gutar blir utnytta og mishandla av vaksne menn. I ei undersøking svarte 95 prosent av sjåførane at å ha sex med smågutar, var det dei helst dreiv med i pausane sine. 13 år gamle Naeem blei gjeng-valdteken av fire menn då han var 10 år gamal. No er han prostituert og ønsker enkelte dagar at han aldri blei fødd. "Alle" veit om det, men få gjer noko for å beskytte gutane. (Bad Things: The Rape of Pakistan's Boys)