Hopp til innhold

Halve Malawi er katastrofeområde - ber verda om hjelp

70.000 er heimlause og minst 48 menneske har mista liva i ein storflaum i Malawi. Landet i det sørlege Afrika ber no om internasjonal hjelp for å takle vassmengdene.

MALAWI-FLOOD-WEATHER

Minst 48 er omkomne, og over 70.000 heimlause etter store nedbørsmengder i Malawi.

Foto: BONEX JULIUS / Afp

MALAWI-FLOOD-WEATHER

Regnet kom overraskande på, og altfor lite regnvatn trekk ned i bakken.

Foto: BONEX JULIUS / Afp
MALAWI-FLOOD-WEATHER

Flaumen har også øydelagd mykje infrastruktur i Malawi.

Foto: BONEX JULIUS / Afp
Flom i Malawi

Det er meldt store nedbørsmengder dei neste to vekene.

Foto: BONEX JULIUS / Afp

Åkrar fulle av avlingar ligg brakke, og jordhus har falt saman. Kraftig regnfall har skapt ein flaum som kom overraskande på folket i Malawi. No er liva snudd opp ned for mange.

I løpet av få dagar har det regna så mykje att halve landet no vert kalla eit katastrofeområde. Og vêrmeldingane bidreg ikkje til optimisme. Det er nemleg venta store mengder nedbør og flaum også i vekene som kjem.

Sør-Afrika har allereie sendt helikopter for å hjelpe, men landet ber også om ytterlegare internasjonal hjelp.

– Eg kan slå fast at alle 15 distrikt i landet er råka av flaum. Eg ber no om humanitær assistanse frå internasjonale donorar, sa landets president Peter Mutharika i dag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Landet tek allereie mot store bistandssummer, mellom anna frå Noreg, og klarer ikkje å takle dei uventa utfordringane åleine.

Landet hadde også klimatiske utfordringar før nyttår, sidan regntida lét vente på seg. Uvanleg lite regn i oktober og november utsette plantesesongen, og når regnet no til slutt kom i veldige mengder har den avlinga som stod i jorda blitt øydelagde.

I tillegg til tapte avlingar har også mange blitt isolert av vassmengdene, som også har råka nabolandet Mosambik. Der har bruer kollapsa, og landets nye regjering har slått alarm for dei sentrale og nordlege delane av landet.

SISTE NYTT

Siste nytt