Køen utanfor kafeen i Sydney er lang. Det kan verke som at det meste er som før, men to minneplakettar som heng på veggen minner om det dramaet som fann stad i Lindt Café 15. og 16. desember i fjor.
- LES OGSÅ:
– Ein viktig dag for denne byen
Ein australsk mann med iransk opphav tok seg inn i kafeen og truga med våpen. Mannen, som ifølgje sin eigen advokat var psykisk ustabil, haldt dramaet gåande i rundt 17 timar, til han vart så trøytt at han duppa av.
Då såg gisla sitt snitt til å stikke av, og fleire kom seg ut av kaféen. I kaoset som oppstod vart skot fyrte av, politiet tok seg inn i kaféen og tre menneske vart drepne. Kidnappingsmannen, kaféens daglege leiar Tori Johnson og baristaen Katrina Dawson.
- LES OGSÅ
– Våre tankar går til offera sine familiar og vener. Dette er ein viktig dag for denne byen, fordi handlingar av hat og splitting førte til fred og sameining, sa provinsordførar i New South Wales, Mike Baird, då han i dag var til stades ved gjenopninga av Lindt Café.
– Viktig å opne att
Til stades ved gjenopninga var også fleire av dei tilsette som var til stades under gisseldramaet. Åtte av dei 17 som vart tekne som gislar var tilsette ved kafeen. Seks overlevde, og dei to siste er til stades i anden, i form av minneplakettar på veggen.
- LES OGSÅ:
– Det er overveldande. Det å opne att og gå vidare i livet er det beste me kan gjere for alle dei som vart utsette for denne hendinga, seier kafeens sjef, Steve Loane til Sydney Morning Herald.
Dei tilsette skal ha funne mykje styrke i at serveringsstaden opnar att, og frykta var bytta ut med store smil då media, gjester og tilsette var tilbake på åstaden for gisseldramaet.