Hopp til innhold

FSB: - Avverja terrorangrep i Moskva

Den russiske tryggingstenesta FSB seier dei har avverja eit terrorangrep mot det offentlege transportnettet i Moskva. Fleire av dei arresterte skal ha fått opplæring av IS i Syria.

Metroen i Moskva.

Russiske styresmakter seier dei har avverja eit terrorangrep mot det offentlege transportnettet i Moskva, der metroen er svært viktig.

Foto: Pavel Golovkin / Ap

Ifølgje FSB har dei arrestert rundt 10 personar og teke beslag i materiale til å lage bomber og ei ferdig bombe. FSB opplyser også at to av dei arresterte har tilstått planar om å gjennomføre angrep mot det offentlege transportnettet i den russiske hovudstaden. Alle dei arresterte er russiske statsborgarar.

Den ferdige bomba var laga av fem kilo TNT utstyrt med ein elektrisk detonator. Det vart også teke beslag ei vekt til å vege bombekomponentar, diverse verktøy og bruksrettleiing for framstilling av bomber, melder Russia Today.

Auka beredskap

Putin

Vladimir Putin meiner det er viktig å kjempe mot militante russiske islamistar i Syria, før dei reiser heim til Russland.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Russlands president Vladimir Putin har tidlegare sagt at over 2000 militante islamistar frå det tidlegare Sovjetunionen deltek i borgarkrigen i Syria. Styresmaktene i Russland har auka beredskapen den siste tida i frykt for angrep som hemn for at Russland har engasjert seg i kampen mot IS i Syria.

FSB seier ifølgje Interfax at gruppa som no er avslørt kom tilbake til Russland lenge før Russland engasjerte seg direkte i borgarkrigen i Syria. Det er særleg ekstremistar frå dei muslimske russiske republikkane i Kaukasus russiske styresmakter fryktar skal gjennomføre terroraksjonar i Moskva.

Vladimir Putin brukte terrortrusselen frå ekstreme islamistar som ei av årsakene til at Russland tok avgjerda om å engasjere seg på Assad-regimet si side i borgarkrigen i Syria.

– Kjempe mot dei i Syria

– I staden for å vente på at dei militante islamistane skal kome heim, bør vi hjelpe president Assad med å kjempe mot dei i Syria, sa Putin til amerikansk fjernsyn like før han skulle møte sin amerikanske kollega Barack Obama i september.

Ikkje alle russiske politikarar er samde med Putin i dette. Opposisjonspolitikaren Gennadij Gudkov, tidlegare leiar for tryggingskomiteen i parlamentet, seier at terrortrusselen har auka kraftig etter angrepa mot syriske opprørarar starta.

– Trusselen om terror har blitt mykje større etter at vi starta bombinga i Syria, spesielt i Moskva, sa Gudkov til radiostasjonen Echo Moskva.

Domodedovo flyplass terror

30 menneske vart drepne i ein terroraksjon mot Demedevo-flyplassen i Moskva i 2011.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

Blodig terror

Den russiske hovudstaden har fleire gonger opplevd blodige terroraksjonar. Dei siste var i 2010 og 2011. I 2010 var målet for angrepet metroen i byen, der to sjølvmordsbombarar sprengde seg i lufta. 40 menneske vart drepne i angrepet. I 2011 vart 30 menneske drepne i eit sjølvmordsangrep mot Domodevo-flyplassen .

Moskva-bomberens navn avslørt – hans søsken arrestert

- Vil få meir terror i Russland

SISTE NYTT

Siste nytt