Hopp til innhold

Fryktar nye moskeangrep i Sverige

GÖTEBORG (NRK): Etter at minst 20 moskear blei angripne i Sverige i fjor fryktar muslimar nye angrep,

Unge kvinner med skaut og plakat

Unge kvinner med sjal og løpesedlar med teksten «Rör inte min moske» under ein demonstrasjon i Stockholm 2. januar i år.

Foto: /Fredrik Sandberg/TT / Reuters

Ahmad Mofty

Ahmad Mofty har budd i Sverige i 25 år.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

For tre veker sidan fekk Göteborg moske ein skremmande telefon.

– Vedkommande sa at moskeen vår kom til å sprengt. Vi har jo ungdom, kvinner og born her. Det er klart vi er redde, seier Ahmad Mofty, ein av leiarane i moskeen.

Berre i første halvdel av januar skjedde fire nye angrep på moskear, samt ei bombetrussel.

Mange meiner det heng saman med auka skepsis til den høge delen asylsøkjarar som kjem til landet. Berre i år er det venta om lag 100 000 flyktningar til Sverige.

Skuldar på Sverigedemokraterna

Ahmad Mofty kom frå Irak til Sverige for over 25 år sidan. Han seier haldningane til innvandrarar har endra seg mykje sida då.

– Vi merkar eit større hat mot innvandrarar. Og det å brenne moskear er vel ein måte å uttrykke slik misnøye på. Eg meiner det hatet har auka i takt med at dei ekstreme partia har kome inn i Riksdagen, seier Mofty.

Han siktar til det innvandringskritiske partiet Sverigedemocraterna, som gjorde eit brakval i haust.

– Folk stemmer på oss av ein grunn, seier Lars Hansson, som er nyvald kommunalråd i Göteborg.

Han tek imot oss i nytt kontor på rådhuset. Sverigedemocraterna set for fyrste gong i kommunestyret i Göteborg.

– Folk stemmer på oss fordi vi er dei einaste som torer å vere kritiske til innvandring. Og eg har ingenting imot innvandrarar eller muslimar, men det er kostnaden ved å ta imot så mange flyktningar eg er kritisk til. 100 000 er venta til Sverige berre i år, mange får bli. Det kostar jo enorme summar, som vi heller kunne brukt på skular og sjukehus, understrekar Hansson.

Artikkelen fortset under bildet.

Lars Hansson med en av sine egne valgplakater.

Sverigedemokratarnas Lars Hansson med ein av sine egne valplakatar.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Tek imot flest i Europa

Saman med Frankrike og Tyskland er Sverige det landet i Europa som tek imot flest flyktningar.

Moskedør med hakekors

Dørene til ein av Stockholms moskear blei tilgrisa med hakekors i januar i fjor.

Foto: STOCKHOLMS MOSKÈ / Stina Gullander / NTB scanpix

Den tradisjonen skal landet halde fram med, understrekar kommunalråd i Malmö, Andreas Schönström frå regjeringspartiet Socialdemocraterna.

– Svenskar ynskjer å stille opp for dei som flyktar frå krig. Det er eg overtydd om.

Kvifor stemte då i underkant av 1 million svenskar på Sverigedemocraterna?

– Eg trur ikkje dei eigentleg stemte PÅ SD. Eg trur dei stemte MOT noko anna, seier Schönström.

SISTE NYTT

Siste nytt