Hopp til innhold

- Indikasjonar på snarleg nordkoreansk rakettangrep

Amerikansk etterretning meiner at Nord-Korea kan ha planar om å skyte ut ein ballistisk rakett i løpet av dagar eller veker.

Nord-Koreanske offiserar på grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea.

Dei nordkoreanske offiserane på grensa til Sør-Korea ser heller rolege ut, men spenninga på den koreanske halvøya er svært høg.

Foto: STR / Afp

Ein tenestemann i den amerikanske etterretningstenesta CIA seier til CNN at deira informasjon tyder på at ei rakettutskyting kan kome i nær framtid. Informasjonen er basert på avlytting av intern nordkoreansk kommunikasjon.

– Direkte angrep eller test

Nordkoreansk soldat på grensa til Sør-Korea.

Nordkoreansk vaktsoldat nær grensa til Sør-Korea. Spenninga er høg på den koreanske halvøya.

Foto: YONHAP / Reuters

Det kan vere snakk om eit direkte angrep på Sør-Korea eller amerikanske basar i Asia, men det kan også vere førebuingar til ein test.

Tidlegare i dag vart det kjent at Nord-Korea har flytta mobile rakettutstkytingsrampar til austkysten. I går vart det kjent at den politiske leiinga i Nord-Korea har godkjent planar om eit nådelaust atomangrep på amerikanske mål.

Det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon har gjort det klart at dei skal sende eit rakettforsvarssystem til stillehavsøya Guam, der USA har ein stor militærbase.

- Svært alarmerande

FNs generalsekretær Ban Ki-moon skildrar situasjonen på den koreanske halvøya som «svært alarmerande». Ban, som sjølv er frå Sør-Korea, ber Nord-Korea gjere det dei kan for å dempe spenninga.

Ban Ki-moon

FNs generalsekretær Ban Ki-moon ber Nord-Korea dempe seg.

Foto: MIKE THEILER / Reuters

- Truslar om bruk av atomvåpen er ikkje ein spøk, det er svært alvorleg. Alle feilkalkuleringar og feiltolkingar kan få katastrofale følgjer, sa han under eit besøk i Madrid i Spania torsdag.

Urix om Nord-Korea: Sjå Urix direkte kl. 2210

LES OGSÅ: Sør-Korea frykter gisselaksjon

– Betydeleg rekkjevidde

Sør-Koreas forsvarsminister Kim Kwan-jin stadfesta i dag at nabolandet har plassert ut ein rakett med «betydeleg rekkjevidde» til austkysten, men la til at det førebels ikkje er noko som tyder på at Nord-Korea har planar om ein fullskala krig.

Han sa også at Nord-Korea truleg ikkje har planar om eit angrep på det amerikanske fastlandet.

Nordkoreanske styresmakter har sagt at tida for den store eksplosjonen nærmar seg.

Kim Jong-un i det nordkoreanske parlamentet

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un heldt ein flammande tale i parlamentet i Pyongyang tidlegare denne veka.

Foto: KCNA / Reuters

Tidlegare har dei fleste observatørar vore samde om at Nord-Korea kjem med tomme truslar, men nivået på krigsretorikken har no nådd slike høgder at det ikkje er mogleg å utelukke ein krig.

Atomvåpen høgt prioritert

Den ferske leiaren i landet, Kim Jong-un, heldt ein flammande tale i nasjonalforsamlinga i Pyongyang tidlegare denne veka. Der gjorde han det klart at det var av høg prioritet å vidareutvikle nordkoreanske atomvåpen, samstundes som han også var oppteken av økonomisk vekst.

Nord-Korea er truleg i ferd med å utvikle ei atombombe som er lita nok til å kunne plasserast på ein langtrekkjande rakett. Det er uklart kor langt landet har kome i dette, men utskytinga av det som vart sagt å vere ein versatellitt i fjor var truleg ein test i dette arbeidet.

Nord-Korea har også gjennomført tre underjordiske atomtestar.

LES OGSÅ: Nord-Korea hindrer adgang til industrikompleks

LES OGSÅ: Nord-Korea vil gjenåpne omstridt atomreaktor

Nordkoreansk soldat på ein grensepost.

Nordkoreansk soldat på ein grensepost mot Sør-Korea.

Foto: STR / Afp

Atomvåpeneksperten Siegfried Hecker ved Center for International Security and Cooperation ved Stanford-universitetet i California trur ikkje Nord-Korea har kapasitet til å angripe USA med atomvåpen, og at det vil ta mange år før dei vil greie det.

Han seier ifølgje nyheitsbyrået AP at landet også har avgrensa kapasitet til å angripe nabolandet Sør-Korea med slike våpen.

LES OGSÅ: La Kim beholde atomvåpnene

Hacka nordkoreansk nettstad

Tidlegare i dag tok ei hackargruppe kontroll over nettsida, Twitter-kontoen og Flickr-kontoen til det offisielle nordkoreanske nyheitsnettstaden Uriminzokkiri.

Nettsida har base i Kina og distribuerer propaganda frå dei statlege media i Nord-Korea. Nettstaden er blant anna kjent for å ha lagt ut eit bilete av Det kvite hus gjennom siktet på ei rifle.

På Flickr-sida vart det blant anna lagt ut eit ettersøkt-bilete av den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un. Det er truleg hackargruppa Anonymous som står bak.

Marsjerte for krig

Det nordkoreanske statsfjernsynet viste i dag bilete frå ein gigantisk demonstrasjon i hovudstaden Pyongyang, der titusenvis av soldatar gir si høglydte støtte til regjeringa si avgjerd om å opne for atomangrep mot USA og Sør-Korea.

I ausande regnver marsjerte soldatane taktfast og ropte slagord mot Sør-Korea og USA, og støtte til den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un. (Sjå videoen under)

Video fra det nordkoreanske statsfjernsynet.

VIDEO: Marsjerte til støtte for krig.

Stengde industrisone

Nord-Korea nektar å lempe på blokaden av sørkoreanarar til den felles industrisonen Kaesong. Nordkoreanske styresmakter har gjort det klart at dersom Sør-Korea og sørkoreanske medium held fram med sine fornærmingar mot nord og true med militæraksjon, vil industrisona blir stengt. Då vil alle dei 53.000 tilsette frå Nord-Korea også bli trekte tilbake.

Kaesong er eit samarbeid mellom dei to landa, og har vore meint å fungere normaliserande på forholdet mellom dei. Industrisona er også ei viktig kjelde for valutainntekter for Nord-Korea.

Nordkoreansk vakttårn ved industrisona Kaesong på grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea.

Nordkoreansk vakttårn ved industrisona Kaesong på grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea.

Foto: YONHAP / Reuters

LES OGSÅ: Sør-Korea frykter gisselaksjon

LES OGSÅ: Nordmann står midt i den koreanske krigsfaren

SISTE NYTT

Siste nytt