Hopp til innhold

Fryktar at piratane kjem attende

Internasjonale marinestyrker har klart å slå ned på piratverksemda utanfor Somalia sin kyst, men organisasjonen Secure Fisheries er uroa for at auka utanlandsk ulovleg fiske vil gjere at mange somaliske fiskarar igjen vil ty til piratverksemd.

Somalisk pirat

SOMALISKE PIRATAR: Utanlandsk ulovleg fiske kan føre til ei auke i piratverksemd, fryktar organisasjonen Secure Fisheries. (Arkivbilete)

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Det kjem fram i ein rapport dei publiserte i september. Utanlandske båtar tek 132.000 tonn fisk årleg, tre gonger så mykje som dei lokale fiskarane, som tek 40.000. Dei utanlandske fiskarane tek spesielt for seg av truga artar som tunfisk. Organisasjonen meiner dette ikkje er berekraftig. Det er iranske og jemenittiske fiskebåtar som dominerer, men nokre er også europeiske. Dei har betre utstyr, og brukar ofte vald mot dei somaliske fiskarane.

– Store utanlandske båtar kjem nattetid og tek alt, fortel den 27 år gamle fiskaren Ahmed Mohamed Ali til Al Jazeera.

Pirateri vert utvegen for frustrerte fiskarar

Pirateriet starta på 90-talet med utspring i det som var uorganiserte "kystvakter" utanfor den meir enn 3300 kilometer lange somaliske kystlinja, skriv World Policy Institute. Etter kvart utvikla det seg til transnasjonale organiserte kriminelle nettverk, som sette skippingindustrien i verda ut av spel på 2000-talet. Det toppa seg i 2011 då heile 28 skip vart kapra. Etter at internasjonale marinestyrker gjorde sitt inntog har piratverksemda omtrent stoppa opp.

Men Nato er i ferd med å utfase operasjonen sin Ocean Shield etter vellukka resultat, og fleire er uroa for følgene av dette i kombinasjon med at dei utanlandske fiskebåtane er attende i somalisk farvatn.

Somaliske fiskarar

UTKONKURRERT: Somaliske fiskarar har lite å stille opp med i møtet med store utanlandske farty.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

– Om det ulovlege fisket ikkje stoppar vil folk sjå etter alternativ – som piratverksemd, å slutte seg til al-Shabab, bli kriminelle eller migrere, seier tidlegare fiskar Ali til al-Jazeera.

IS er også ein trussel. Terrorgruppa skal ha teke med seg 40 lokale menn frå fiskelandsbyen Durduri førre månad, ifølge det somaliske nyhendebyrået Hiiraan Online.

Meiner ein må styrke somalisk fiskeri

Å styrke fiskerinæringa i Somalia slik at dei klarer seg betre økonomisk vil kunne gjere at færre fiskarar ser seg nøydde til å ty til piratverksemd, skriv Secure Fisheries i rapporten sin. Dei meiner også ein må få på plass ei fungerande kystvaktsystem, og at ved hjelp av regulering og lisenssystem vil Somalia kunne tene pengar på dei utanlandske fiskarane.

Den somaliske regjeringa nektar på si side for at piratverksemd er ein trussel. Dei har nok med å kjempe mot terrorgruppa al-Shabab, seier fiskeriminister Mohamed Omar Aymow til Voice of America.

Når det gjeld det ulovlege fisket seier Aymow at dei har sett i gang nokre tiltak.

– Vi overvakar frå Mogadishu og kan sjå når utanlandske båtar nærmar seg somalisk farvatn og kvar dei siktar seg inn, men vidare har vi ikkje infrastruktur eller fasilitetar til å kontrollere det.

SISTE NYTT

Siste nytt