Hopp til innhold

Stor frustrasjon i overfylte sjukehus på Gaza

Lege Aymen Sabahani viser NRK rundt på al-Shifa-sjukehuset på Gaza. Dei skadde barna han går bort til er alle under seks år, og ligg hardt skadde i sjukehussengene. No er det snart ikkje plass til fleire.

Då NRK besøkte Shifasjukehuset i Gaza 10. juli var kapasiteten sprengt, og behovet for utstyr var stort. Etter to dagar med intensive angrep hadde fleire hundre oppsøkt sjukehuset for hjelp, og mange er barn og kvinner.

Aymen Sabahani

Lege Aymen Sabahani bryr seg ikkje om politikken, men viser til at mange av dei skadde er heilt uskuldige.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK
Shifa-sjukehuset

Ein gut på fem-seks år er blant dei skadde etter at Israel bestemte seg for å trappe opp jakta på medlem av Hamas. Lege Sabahani viser NRK rundt på al-Shifa-sjukehuset i Gaza.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK
PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT-GAZA

Ein skadd mann vart onsdag frakta med ambulanse til al-Shifa-sjukehuset etter at han har blitt truffen av eksplosiv. No fører mangelen på bensin og plassmangel på sjukeshuet til at det vert endå vanskelegare å hjelpe dei skadde.

Foto: MOHAMMED ABED / Afp

Det er få folk ute i Gazas gater, men innanfor veggane til Shifa-sjukehuset er det liv - men også død. Etter dei mange bombeangrepa på Gazastripa dei siste dagane har det rent inn med skadde og drepne til det overfylte sjukehuset. Det er på dette sjukehuset dei fleste av dei såra hamnar.

– I dag kom dette barnet på fem-seks år. Det har store traume etter angrepa, seier lege Sabahani og går bort til det hardt skadde barnet.

– Kvifor?

Han held fram med å vise NRK rundt på sjukehuset. Ein gut på fem år ligg alvorleg skadd, og eit anna barn på berre to år har også hamna på sjukehus etter at huset hennar vart bomba.

– Eg bryr meg ikkje om politikken i dette, og kven som eigentleg har skulda. Eg veit berre at dei som har hamna her er uskuldige. Særskild gjeld det kvinner og barn. Kvifor skjer dette? Kvifor, spør Sabahani.

LES OGSÅ: Bomberegn over Gazastripen i natt

LES OGSÅ: Israel får krass kritikk fra sine egne

Så langt skal meir enn 75 personar vere drepne i den oppblussa konflikten på Gaza, og over 600 personar er skadde. Ognatt til i dag var bombinga av Gazastripa på sitt mest intense sidan Israel starta sin offensiv tysdag.

– Kvar dag er meir utfordrande enn den forrige, seier ein av Sabahani sine kollegaer til NTB.

Manglar naudsynt utstyr

Dei medisinsk tilsette ved sjukehuset må gå lange skift, og behandle langt fleire pasientar enn dei eigentleg kan ta mot. Mangel på utstyr gjer jobben endå vanskelegare, og det er ein frustrert lege som svarer når NRK spør om lagerplassen.

– Kva meiner du med lagerplass? Alt står klart her, og det er meir enn nok plass, seier lege Sabahani, som trass i god plass må innsjå at utstyr, slik som bensin til ambulansar og aggregat, ikkje er å oppdrive i det konfliktherja området.

Raude halvmåne vart angripen

Angrep på hovudbase Raude Halvmåne

Ein mann bærer eit barn ut i ein ventane ambulanse etter at Raude Halvmåne sin hovudbase i Palestina vart angripen i dag.

Foto: Palestina Raude Halvmåne

Raudekrossen meldte tidlegare i dag om at Raude Halvmåne sitt hovudkvarter på Gazastripa hadde blitt angripe. Det er førebels uklart kvifor frivillige som arbeidar for Raude Halvmåne har blitt utsette for angrep.

LES OGSÅ: Bomberegn over Gazastripen i natt

– Om dette er gjort med vilje, så er det eit brot på humanitær rett og heilt uakseptabelt. Krigens reglar seier at sivile og helsepersonell har krav på å bli beskytta i ei konflikt, og alle partar må gjere det dei kan for å gjere det trygt, seier president i Raudekrossen i Noreg, Sven Mollekleiv i ei pressemelding.

Det var Raude Halvmåne sitt kontor og ambulansesentral i Jabaliya i Nord-Gaza som vart truffe torsdag morgon. Organisasjonen samarbeider også med organisasjonen Magen David Adom, som står klare til å hjelpe på andre sida av konflikten, i Israel.

SISTE NYTT

Siste nytt