Hopp til innhold

Frø frå borgarkrigens Aleppo sikra på Svalbard

– Eg veit aldri kva dagen vil bringe. Eg er redd genbanken i Aleppo skal bli øydelagd av krigen. Direktør Mahmoud Solh er derfor letta over at genmaterialet no er sikra langt inne i fjellet på Svalbard.

Ola Westengen

Reol på reol med boksar som inneheld frøprøver frå nesten alle land i verda. Her, langt inn i fjellet på Svalbard, blir genmaterialet tatt vare på i 18 minusgrader. Til venstre ser vi boksane med materiale frå Aleppo i Syria (merkte med ICARDA). Ola Westengen frå NordGen er driftskoordinator for frøbanken.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Eg veit at der er det trygt, seier Mahmoud Solh. Over 200 land har sendt frø til den sikre banken i Longyearbyen.

Gjennom ein liten portal i ei fjellside utanfor Longyearbyen kjem vi inn i ein tunnel som går nedover og innover i fjellet. Det er nokre få minusgrader her, men kaldare skal det bli. For etter å ha passert nok ei solid dør, godt sikra og låst, kjem vi inn i ein lufttett hall med med nærare 20 minusgrader.

Bak eit gitter ser vi reol på reol med boksar som er merkte med namnet på avsendaren. Det som er plassert inne i denne hallen, skal sikre matproduksjonen i verda for all framtid. Denne unike samlinga av frø skal vere med på å sikre det biologiske mangfaldet på jorda i tilfelle det skulle skje ein katastrofe.

Noahs ark

Det blir ofte kalla Noahs ark eller eit "dommedagslager". The Svalbard Global Seed Vault, eller Svalbard Globale frøhvelv er eit backup-lager av frø frå matplanter i heile verda. Her blir genmaterialet sikra for framtidige generasjonar. Frøbanken er bygd inne i fjellet for at den skal vere så sikker og solid som råd.

Dersom frø går tapt, for eksempel som følgje av naturkatastrofar, krig eller ressursmangel, vil frøsamlingane kunne byggjast opp igjen med frø frå den sikre "banken" på Svalbard. Frøbanken er den samlinga som har størst variasjon av frøprøver i verda. Og det er den som er mest sikra mot ytre påverknad.

Svalbard Global Seed Vault

Svalbard Global Seed Vault, eller Svalbard Globale frøhvelv ligg inne i Platåberget ved Longyearbyen på Svalbard.

Foto: Eivind Molde / NRK

Frøbanken har kapasitet til å lagre 4,5 millionar ulike frøprøver fordelt på 3 hallar som har ein konstant temperatur på minus 18 grader. Den blei opna for seks år sidan. For tida er rundt 820.000 frøprøver langtidslagra inne i permafrosten i fjellanlegget.

Kvar frøprøve inneheld rundt 500 enkeltfrø som ligg i forsegla posar. Dette er tryggingsduplikat av frø som er sendt inn frå frøsamlingar i over 200 land. Det blir lagt inn nye frø tre til fire gonger i året. Det genetiske materialet er kvart land sin eigedom, men kan gjerast tilgjengeleg for alle i ein eventuell krisesituasjon.

Frå Aleppo til Svalbard

Internasjonalt senter for landbruksforsking i tørre område (ICARDA) har ein genbank i den syriske byen Aleppo. Genbanken inneheld det som truleg er den største samlinga i verda av bygg, bønner og linser. Her finn ein også ulike typar kveite, korn og belgfrukter som er samla inn frå området som blir kalla "Den fruktbare halvmånen", som strekkjer seg frå Irak til Middelhavet. Det var i dette området landbruket oppstod i Midt-Austen.

Genbanken har halde til i Aleppo sidan 1983. Den siste tida har dei 12 tilsette vore travelt opptekne med å pakke og sende frøprøver til Svalbard. No er duplikat av vel 80 prosent av ICARDA si samling i Aleppo trygt plassert i frøbanken i Longyearbyen.

– Nyleg kom den sjuande lasta med frøprøver på plass i hallen inne i fjellet, fortel driftskoordinator Ola Westengen.

Unikt materiale

– Det vi har fått frå Aleppo, er tryggingsprøver eller backup av unikt frømateriale frå ein genbank som ligg i eit utruleg viktig område med tanke på det mangfaldet i landbruket som er der. Det kjem mange svært viktige frøressursar derifrå - bygg, erter, linser, mange viktige matplanter. Dette er eit godt eksempel på kvifor frølageret her på Svalbard er ein god ide. Her har vi ein sikker lagringsstad for backup-prøver av det unike som dei har i Aleppo, seier Westengen.

Øydelagde bygningar i Aleppo

Store delar av Aleppo er øydelagd etter to år med kampar.

Foto: Hosam Katan / Reuters

– Frøbanken er blant anna meint som eit tryggingslager nettopp for den type katastrofar som skjer i Aleppo. Derfor er det utruleg viktig med eit internasjonalt samarbeid, for vi er alle avhengige av landbruksplantar som kjem frå andre land enn vårt eige, seier han.

Store delar av Aleppo er øydelagd etter to år med borgarkrig.

– På Svalbard har vi no 81 prosent av genmaterialet frå Syria. Vi begynte å sende frø nordover før borgarkrigen braut ut, men vi sette opp farten etter at forholda i Aleppo blei meir usikre på grunn av krigen, fortel direktør Mahmoud Solh.

Redd genbanken skal bli øydelagd

– Er du redd den verdifulle samlinga i Aleppo skal bli øydelagd?

– Ja, det er eg. Vi veit kva krig er for noko. Fram til i går var alt OK, men eg veit aldri kva dagen vil bringe.

Mahmoud Solh seier han er svært takknemleg for innsatsen staben i Aleppo har gjort for å halde genbanken i drift - under svært vanskelege forhold. Trass i at straumforsyninga er redusert, held vi kjølesystema i drift ved hjelp av generatorar som går på diesel.

Han er letta over at genmaterialet no er sikra langt inne i fjellet på Svalbard.

Mahmoud Solh

Mahmoud Solh er direktør for International Center for Agricultural Research in the Dry Areas (ICARDA). Mesteparten av materialet i genbanken deira i Aleppo, er no lagra langt inne i fjellet på Svalbard.

Foto: ICARDA

– Vi veit at materialet er heilt trygt i frøbanken på Svalbard. Vi har duplikat av genmaterialet også i nabolanda, men vi er uroa for at det ikkje skal vere godt nok sikra der. Frøbanken på Svalbard er utruleg viktig, ikkje berre for oss, men globalt, legg han til.

Han rosar norske styresmakter og dei andre samarbeidspartnarane som har gjort det mogeleg å lagre genmateriale på Svalbard.

Global backup

Svalbard Global Seed Vault er eit samarbeid mellom Global Crop Diversity Trust, Nordisk genressurssenter (NordGen) og det norske landbruks- og matdepartementet. NordGen har ansvar for den daglege drifta.

The Global Crop Diversity Trust er ei frittståande, internasjonal stifting som arbeider med bevaring av genetisk mangfald innan landbruket. Stiftinga blir driven med bidrag frå organisasjonar og regjeringar i ei rekkje land, blant anna den norske.

– Frøbanken på Svalbard heilt unik. Den er backup for alle andre plantegenbankar i verda, seier Åslaug Haga, direktør i Global Crop Diversity Trust. Dersom ein genbank brenn ned eller blir slått ut av flaum, som vi har sett f.eks. på Filippinane, eller det er krig og uro som gjer at genbanken blir øydelagd, slik det skjedde i Irak og i Afghanistan - så skal ein kunne finne tilbake til genmaterialet på Svalbard.

– Dette kan vise seg å vere heilt avgjerande for at vi skal greie å tilpasse plantane til framtidige utfordringar, seier ho.

Internasjonalt samarbeid

– Vi i The Global Crop Diversity Trust arbeider for å lage eit globalt, kostnadseffektivt system for å ta vare på alt det viktige genmaterialet for matproduksjon i verda. Arbeidet er regulert av ein internasjonal avtale, og 132 land har slutta seg til avtalen, fortel Åslaug Haga. – Vi arbeider systematisk med å få alle land som har viktig genmateriale til å ha sin backup på Svalbard, seier ho.

– Det vi arbeider med, handlar om å sikre framtidas landbruk, om den globale mattryggleiken, seier Haga. Landbruket står overfor den største utfordringa nokon gong. Folketalet på jorda veks raskt, og klimaendringane utfordrar matproduksjonen.

Åslaug Haga

Åslaug Haga er direktør i Global Crop Diversity Trust.

Foto: Global Crop Diversity Trust

– Kvar ligg den største trusselen?

– Den største trusselen for mattryggleiken er klimaendringane. Vi er i ein situasjon der plantene ikkje greier å tilpasse seg så fort som klimaet endrar seg. Vi har ei kjempeutfordring i å utvikle planter som greier å tilpasse seg nye forhold. Det er eit langsiktig og omfattande arbeid som krev at vi har tilgjengeleg heile mangfaldet av genmateriale, seier Haga.

Sikre mat for framtida

– Det er til dømes 200 000 variantar av ris i verda. Når vi er opptekne av å ta vare på kvar einaste ein av desse variantane, så er det fordi ein av dei kan ha akkurat den eigenskapen som er nødvendig for å tilpasse ris til f.eks. eit høgare saltinnhald i jorda, ein heilt ny sjukdom - eller kva framtida elles måtte krevje av oss.

Svalbard Global Seed Vault

Materiale frå genbanken i Aleppo er framme på Svalbard, og blir lossa frå lastebilen utanfor inngangen til frøbanken (Svalbard Global Seed Vault).

Foto: Mari Tefre

Mange utviklingsland treng hjelp i dette arbeidet. Global Crop Diversity Trust hjelper med å klargjere frø som kan sendast til Svalbard, ser til at frøet har ein kvalitet som gjer det kan lagrast over tid, og dei hjelper med å sende det til Longyearbyen.

– Vi veit ikkje kva utfordringar matproduksjonen vil ha i framtida, og vi treng å ta vare på alt dette mangfaldet for å sikre oss at også framtidige generasjonar skal kunne tilpasse landbruket til dei utfordringane som måtte eksistere når den tid kjem. Vi tenkjer gjerne at utfordringane kan vere store i dag, men i framtida kan det vere heilt andre utfordringar som vil måtte handterast. Uansett er dette genmaterialet heilt nødvendig for at vi skal kunne løyse problema, seier Åslaug Haga.

Ho er svært glad for at mesteparten av materialet frå Aleppo no er på plass på Svalbard.

– Genbanken i Aleppo er ein av dei viktigaste i verda for kveite. Vi håpar jo intenst at det ikkje skal skje noko med det som er lagra i Aleppo, men skulle det skje, så veit vi at nesten alt det materialet som dei har der, finst det kopiar av på Svalbard, seier Åslaug Haga.

– Skulle alt gå gale i Aleppo, veit vi at vi kan dra til Svalbard og finne igjen det heilt unike genmaterialet som jo kan vere svært viktig for at vi skal greie å tilpasse kveite til nye forhold, anten det er høgare temperatur, høgare saltinnhald i jorda eller det er nye sjukdommar, legg ho til.

SISTE NYTT

Siste nytt