Røde Kors-offiser bortført i Jemen

Ein fransk offiser i den internasjonale Røde Kors-komiteen blei bortført då han var på reise frå nord-Jemen til havnebyen Hudaida ved Rødehavet.

Franksmannen skal ha blitt bortført av væpna menn på reise frå nord-Jemen.

Det er ikkje stadfesta kven som står bak, men det er vanleg for folk på den fattige halvøya å bortføre både utlendingar og jemenittar for å forhandle om å frigjere slektningar som er i fengsel.

Dei fleste gislane som er blitt bortført av slike årsakar er blitt frigjorte uskadd.

Sjåførane slapp unna

Ei talskvinne for den Internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) i Sanaa, sa at franksmannen, som arbeider i den nordlege byen Saada, blei bortført om lag 30 kilometer unna hamnebyen han var på veg til.

Han skal ha vore saman med to jemenittiske sjåførar som kidnapparane sette fri kort tid etterpå. Til no har ikkje ICRC lukkast i å få kontakt med kidnapparane eller offeret.

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Norsk dokumentarserie i tre deler. Professor Terje Tvedt har brukt det meste av sitt voksne liv til å forske på Nilen, elven som er livets åre for millioner av mennesker. Nilen renner gjennom elleve land hvor befolkningsvekst, ny teknologi og miljøendringer gjør kampen om vannet stadig mer desperat. I denne serien tar Tvedt en reise gjennom dette gigantiske elvesystemets historie og nåtid, i møte med mennesker og statsledere, fra utløpet i Middelhavet til den hvite Nilens kilde i hjertet av Afrika. (1:3)
Am. dokumentar. Politisk thriller om Sør-Afrikas siste apartheid-president. Frederik Willem de Klerk var en mystisk og svært sammensatt person som gjorde en fascinerende politisk reise. Han var presidenten som slapp Nelson Mandela fri fra fengsel, og fungerte senere som hans visepresident. (The Other Man - F.W. De Klerk and the End of Apartheid in South Africa)
Br. dokumentarserie. I løpet av seks hundre år hadde Det osmanske riket mange ulike leiarar. Rageh Omaar utforskar kontrastane mellom to av dei mest kjende sultanane. Det osmanske riket var eit av dei største og mektigaste imperia i verdshistoria. Vi følgjer utviklinga frå den spede byrjinga på 1200-talet til oppløysinga på midten av 1900-talet. (The Ottomans: Europe's Muslim Emperors) (2:3)