Hopp til innhold

Framleis flaumfare i Australia

Flaumen i Australia har kravd minst eitt menneskeliv. Fleire hundre heimar og butikkar har fått skadar, og framleis er fleire tusen innbyggjarar evakuerte.

I småbyen St. George i delstaten Queensland måtte fleire enn 2500 innbyggjarar flykta i helga. Årsaka var frykt for at elva Balonne skulle gå over sine breidder og overfløyma byen. Evakueringa var den største nokon sinne i Queensland.

Ein provosorisk demning ser ut til å hindra at elva skal gjera store skadar, trass i at flaumtoppen truleg ikkje er nådd.

- Elva stig framleis, og når truleg toppen i dag. Det kjem til å ta nokre dagar før elva går skikkeleg attende, seier ein talsmann for eit meteorologisk byrå i Australia til nyheitsbyrået AFP.

Mellom 50 og 60 bygningar i byen skal ha blitt overfløymde.

Kan ta veker

St. George blei hardt råka av flaum også i fjor, då overfløymingar i delstatane Queensland og New South Wales tok livet av 35 menneske, øydela 30.000 heimar og vaska vekk vegar, bruer og jernbaneliner.

Det ser altså ut til at Australia slepp unna med mindre skadar denne gongen, men ifølgje meteorologar kjem nokre område til å vera råka av flaum i fleire veker framover.

Flaum i Australia

Moree i delstaten New South Wales er hardt råka av flaumen. Her frå 3. februar.

Foto: POOL / Reuters

Fleire tusen isolerte

Også i byen Moree i delstaten New South Wales måtte innbyggjarar flykta frå vassmassane i førre veke. Ordføraren i Moree, Katrina Humphries, seier dei fleste no har kome attende.

For mange ventar likevel eit stort oppryddingsarbeid, og fleire har mista alt dei eigde i flaumen.

Samstundes er mange avsidesliggjande eigedomar i New South Wales isolerte. Det verst råka området ligg sør for Moree, i Wee Waa, der 2300 innbyggjarar er utan kontakt med omverda.

- Isolasjonen kjem truleg til å halda fram i fire til fem dagar, seier Murray Kear, som leier naudoperasjonar i delstaten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt