Hopp til innhold

FN får berre kvar tredje krone dei treng for å hjelpe Syria

FN manglar 20 milliardar kroner for å kunne hjelpe flyktningar frå Syria. Mangelen på givarglede vil berre føre til ein auka straum av flyktningar til Europa, meiner Flyktninghjelpen.

Syriske barn leikar med ball i flyktningleiren Bar Elias i Bekaa-dalen i Libanon

Syriske barn leikar i ein flyktningleir i Bekaa-dalen i Libanon. FN manglar no kvar tredje krone som dei treng om alle syriske flyktningar skal få dekka sine basisbehov. Pengemangelen vil berre føre til auka flyktningstraum, meiner Flyktninghjelpen.

Foto: JAMAL SAIDI / Reuters

Nye tal frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) syner at givargleda blant verdas land flater ut.

Behovet for pengehjelp er enormt, men i skrivande stund er dekningsgraden berre 37 prosent, ifølgje UNHCR sin eigen statistikk.

  • Per august i år har UNHCR estimert at dei treng 37,5 milliardar kroner for å kunne hjelpe alle. Dei har berre fått 13,8 milliardar.
  • No er meir enn halvparten av Syrias folk på flukt.
  • Sju millionar er på flukt i sitt eige land. Fire millionar i utlandet. Berre ein prosent av Syrias folk har søkt asyl i Europa.
  • Av dei 348.450 syriske asylsøkarane i Europa har nesten halvparten søkt asyl i Tyskland og Sverige.

Pengehjelpa stagnerer

Grafane som syner det aukande behovet og den stagnerande givargleda viser ei utvikling som går i kvar si retning.

Graf, givarsum til Syria og områda rundt

Den blå grafen viser UNHCR sitt estimerte behov om dei skal hjelpe alle som treng hjelp i Syria og landa rundt. Den oransje grafen viser den faktiske summen som UNHCR har fått inn. Behovet går opp, givargleda går ned.

– Syrarane er eit folk som trengst verdas støtte, men i staden for lever dei under fryktelege tilhøve, og fell stadig djupare ut i fattigdommen, sa leiaren for UNHCR, Antonio Guterres tidlegare i sommar.

Flyktninger i Ungarn

Flyktningar tek seg gjennom Serbia. Her er dei på veg over grensa mellom Ungarn og Serbia.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

Pengane som skal gå til mat, vatn og flyktningleire kjem ikkje, og syrarar lever i yttarste naud. For nokre vert løysinga å flykte vidare.

Flyktninghjelpens Bendik Sørvåg meiner det uansett ville vore behov for meir pengar, sjølv om ein hadde hatt dei 22 milliardane kroner som mangla.

– Behova ville vore der sjølv om ein hadde dekka opp heile summen. For dei som får hjelp får berre hjelp til det aller mest prekære, seier Sørvåg.

Han meiner logikken er enkel: Når folk ikkje får dekka sine basisbehov, så vil flyktningstraumen mot Europa bli større.

To syriske flyktningar kastar snøball i ein flyktningleir i Deir Zannoun i Libanon

Borgarkrigen i Syria har vart i over fire år. Her er eit bilete frå ein libanesisk flyktningleir i januar, der to syriske flyktningleir har snøballkrig med kvarandre. No er det på ny veg mot haust og kaldare tider i Midtausten.

Foto: Hussein Malla / Ap

Berre ein prosent til Europa

Dei aller fleste har flykta til nabolanda. 1,8 millionar til Tyrkia, over ein million til Libanon og 225.000 har reist til Irak, kor det også er krig. Berre knappe 350.000 har kome seg til Europa og søkt asyl.

Det er venta at talet på flyktningar vil vekse, både inne i Syria, i nabolanda og i Europa.

Tal på syrarar på flukt

Over halvparten av Syrias folk er no på flukt, men berre ein prosent er komne til Europa. Dei aller fleste er på intern flukt i Syria, medan mange andre har søkt ly i nabolanda. Kjelde: UNHCR

Flyktninghjelpen står fast på si linje om å både hjelpe meir i nærområda, men at det likevel er viktig å ta mot fleire flyktningar i Noreg – sjølv om det er langt dyrare per person som ein hjelper.

– Me har ein veldig svak posisjon overfor landa i nærområda om me ikkje tek mot sjølv også. Det er vanskeleg å tale flyktningane sin sak om me ikkje viser vilje til å hjelpe, seier Sørvig.

Syriske asylsøkarar i Europa

Dei fleste asylsøkarar vil ha opphald i Tyskland og Sverige. Kjelde: UNHCR

Sørvig i Flyktninghjelpen er uroa for det som kjem. Han synest det er særs urovekkande at grensene ut av Syria no er stengde.

– Folk har ikkje tilgang til å søke tryggleik lengre. I enkelte land kan det verke som det nærast er ein politikk å gjere livet litt vanskeleg for flyktningane, meiner Sørvig.