Hopp til innhold

Tre unge jenter blei Boko Harams «dødsenglar»

På to dagar har tre unge jenter blitt brukte som sjølvmordsbombarar av Boko Haram. – No må verda vakne og gripe inn, seier Flyktninghjelpen.

Biletet er frå ein demonstrasjon den 17. november.

Biletet er frå ein demonstrasjon den 17. november. No vert ikkje berre barn angripne, dei vert også brukt som bombarar.

Ei jente går inn på ein marknad i byen Potiskum i Nord-Nigeria. Rundt kroppen hennar har nokon festa eksplosiv. Plutseleg smell det. Det oppstår panikk, folk spring ut av marknaden.

Ei ung kvinne står utanfor den same marknaden. Også ho har eksplosiv rundt kroppen. Ho ser folk komme løpande i panikk. Ho legg også på sprang. Plutseleg smell det ei gong til. Jentene er døde, og det same er fire andre på marknaden.

APTOPIX Nigeria Violence

4. november vert mange gravlagde i Potiskum, etter nok eit terrorangrep i byen.

Foto: Adamu Adamu / Ap

– Ser berre deler av overkroppane

Ambulansar og hjelpepersonell kjem til staden for å hjelpe dei som er hardt skadde. Det vert allereie stadfesta at nokon er drepne, medan andre får livreddande hjelp.

– Den andre bombaren vart livredd av den første eksplosjonen, og ho prøvde å krysse vegen, men også ho eksploderte, fortel eit vitne til nyheitsbyrået AFP.

Nokre vitne meiner jentene var rundt 15 og 23 år gamle, andre meiner dei var rundt ti år gamle.

– Eg såg dei døde kroppane. Dei er to unge jenter rundt ti år gamle. Du ser berre det fletta håret deira, og deler av overkroppen, seier ein marknadshandlar til nyheitsbyrået Reuters.

(Saka held fram under biletet)

NIGERIA-UNREST-JOS

Også i Jos har det vore fleire angrep. Her frå eit angrep i desember.

Foto: - / Afp

– Tek i bruk stadig verre middel

– Det er ein tragedie i seg sjølv å bruke barn på den måten. Det er det verste som ein kan gjere, seier Benedicte Giæver i Flyktninghjelpen.

Ho følger situasjonen i Nigeria tett, og slit med å finne ord når ho får høyre siste nytt frå Potiskum.

– Før har det blitt rapportert at ein har brukt kvinner, men at dei no bruker barn ned i tiårsalderen, det har eg ikkje høyrt om før. Det er heilt forferdeleg. Dei tek i bruk verre og verre middel for å nå fram, seier Giæver.

Bombeangrep også i går

Også i går gjekk ei bombe av i Nord-Nigeria. Og også då var det ei jente som hadde eksplosiv knytt til kroppen.

Den vesle jenta i tiårsalderen vart stoppa og kontrollert, slik som alle andre som var på veg inn på marknaden i Maiduguri. Rett etter at det vart oppdaga at jenta hadde eksplosiv på kroppen, så smalt det.

Nigeria Displaced

1,5 millionar menneske er på flukt i Nord-Nigeria.

Foto: Sunday Alamba / Ap

19 personar vart drepne i angrepet som skjedde på den same marknaden der 78 menneske vart drepne i eit anna sjølvmordsangrep i november.

Giæver trur ikkje jentene veit kva dei har vore med på.

– Dei har ikkje eit perspektiv på dette. Dei kan ikkje sette seg inn i kva det faktisk betyr å bli sjølvmordsbombar. Det er heilt forferdeleg, seier Giæver.

Afrika-ekspert Morten Bøås sa til NRK i går at han ikkje er overraska over at Boko Haram tek i bruk jenter som bombarar.

– Dette handlar om taktikk og strategi. For folk kor menneskeliv ikkje speler nokon rolle, så er det eit poeng at dei som berar bombene går under ein radar og ikkje vert oppdaga, meiner Bøås.

At også barn kan vere sjølvmordsbombarar har skapt auka frykt i Nord-Nigeria der 1,5 millionar menneske allereie er på flukt. Mange flyktningar har reist inn til nettopp storbyane Maiduguri og Postikum der dei siste angrepa har funne stad.

2000 kan vere drepne siste ti dagar

Ingen har førebels teke på seg ansvaret for eksplosjonane, men det er sterk grunn til å tru at islamistgruppa Boko Haram står bak.

Gruppa har dei siste vekene stått bak ei rekkje angrep i Nord-Nigeria. Dei har brent ned byar, utført valdelege massakre, og så mange som 2000 kan vere drepne av gruppa berre den siste veka.

NIGERIA-YEAR-2014-INFLUENTIAL-PEOPLE-FILES

Over 200 skulejenter er kidnappa av Boko Haram, og var også dei som vekka verdas merksemd om det som skjer i Nord-Nigeria. Dei aller fleste av jentene er framleis i fangenskap.

Foto: HO / Afp

Sidan 2009 har over 13.000 liv gått tapt berre på grunn av Boko Haram, og rundt 1,5 millionar har flykta frå området. Nigerianske styresmakter har gong på gong fått kritikk for å ikkje gjere nok, og soldatar har klaga over altfor dårleg utstyr.

– Den eskaleringa ein har sett dei tre-fire siste månadane bør føre til at det internasjonale samfunnet no grip inn. Me har ein tendens til å gripe inn når det er for seint, og det er heilt klart at dette er på veg ut av kontroll, meiner Giæver.

Ho skulle gjerne sett at Noreg tok saka til FN, for å få til ein internasjonal respons på krisa som også har potensial til å bli ei regional krise.

Rapporter tilseier at Boko Haram no kontrollerer grenseområda mot både Niger, Tsjad og Kamerun, og både Tsjad og Kamerun har opplevd angrep frå Boko Haram.

– Nei til Jonathan Badluck

I februar er det presidentval i Nigeria, og det er venta aukande valdsbruk fram mot valet. President Goodluck Jonathan har fram til no scora bra på det som er av meiningsmålingar, men i nord har han fått meir kritikk enn ros for sine handlingar.

I byen Jos vart nokre bilkortesjar som dreiv valkamp for Jonathan angripne. Ein sjåfør som køyrde i kortesjen vart drepen, og ungdommar sette også fyr på fleire bilar og ein politistasjon i byen.

Nigeria Elections

Goodluck Jonathan gjer sitt for å bli velt om att som president i Nigeria. Her frå eit valmøte i Lagos på torsdag. Men Jonathan er langt frå ikkje populær overalt.

Foto: Sunday Alamba / Ap

– Ungdommane ropte «Nei til PDP» (Jonathans parti, journ. anm.) og «Nei til Jonathan Badluck», fortel eit vitne til Reuters.

Og kritikken mot presidenten vil nok halde fram med å kome i vekene fram mot valet den 14. februar. Mange soldatar meiner dei er altfor dårleg utstyrte, og i tillegg er landets hær skulda for å ha gjennomført angrep.

– Det er viktig å få Nigeria til å vakne opp og innsjå kva katastrofale følger dette kan få både for Nigeria og nabolanda, seier Giæver.

Ho trur ei vidare eskalering kan få styresmaktene i Nigeria til å endre haldning.

– Det er først når denne krigen nærmar seg hovudstaden og dei økonomiske sentra i landet at ein for alvor får opp augo for kva dette dreier seg om. Eg trur nok at med dei siste dagars aksjonar, så må presidenten begynne å reagere på ein heilt annan måte enn før.

Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt