Over 100 døde og om lag like mange sakna etter ferjeforlis i India

Ferja med om lag 350 passasjerar om bord gjekk ned etter ein storm i den strie elva Brahmaputra. Båten var overlasta med menneske og hadde ikkje livbåtar eller redningsvestar.

Eit omfattande redningsarbeid pågår etter at ferja med om lag 350 passasjerar gjekk ned.

105 menneske er så langt stadfesta omkomne etter at den overlasta passasjerferja gjekk ned nordaust i India under dårleg vêr.

Første meldingane om ulukka gjekk ut på at det var om lag 250 menneske om bord, men seinare er talet blitt oppjustert til over 350 passasjerar.

Dødstalet steig for kvart minutt måndag kveld. Over hundre menneske er framleis sakna etter at ferja gjekk ned i elva i det avsidesliggjande distriktet Dhubri, ifølgje politisjef i Assam JN Choudhury.

Båten knakk i to

Ifølgje vitne skal båten ha vore gammal, og knakk i to etter den kantra i elva. Dampferja skal vere den største som har sokke i elva dei siste åra, det er vanleg at mindre båtar får problem akkurat her.

Det skal ha vore både sterk vind og mykje regn då båten gjekk ned.

Båten kantra om lag ein kilometer frå land. Området Dhubri ligg om lag 350 kilometer vest for den største byen i Assam, Gauhati, og 280 kilometer aust for Guwahati som er hovudstaden i den nordaustlege staten.

Utan livbåtar og redningsvestar

– Eg såg at folk forsvann nedover elva fordi straumen var så sterk, seier eit vitne til ulukka, Rahul Karmakar, til nyheitsbyrået AFP.

Båten var overlasta med menneske og sekker med ris og andre varer, og skal ikkje ha hatt verken livbåtar eller redningsvestar om bord.

Vêret hindrar redningsarbeid

Både hæren, grensevakter og redningsmannskap leita etter overlevande i tida etter ulukka, men dårleg vêr og nattemørket hindra redningsarbeidet, ifølgje ei offisiell melding frå indiske myndigheiter.

– Redningsarbeidet har vore hemma av dårleg vêr, det regnar tungt og er null sikt i området, seier ein politimann på åstaden til nyheitsbyrået Reuters.

Statsministeren i India, Manmohan Singh seier han er sjokkert og i sorg etter hendinga.

I ei offisiell fråsegn seier Singh at han har instruert alle ledige hjelpepersonell til å bidra til redningsarbeidet.

Overlasta ferjer

India er eitt av verdas største og mest folkerike land med om lag 1.2 milliardar innbyggjarar.

Kvart år døyr om lag 50 menneske etter ferjeulykker på Brahmaputra-elva, ifølgje den indiske avisa Hindustan Times.

Ferje er eit vanleg transportmiddel i området, og dei er ofte overfylte av menneske og varer. Tryggleiken er ofte ikkje i fokus når folk må fraktast over elva.

I oktober i fjor gjekk ei ferje ned om lag 120 kilometer sør for Kolkata der minst 16 personar blei funne omkomne. Ferja var overlasta med menneske.

LES: Minst 16 døde i ferjeulykke i India

Ferja hadde kapasitet til å ta seksti passasjerar, men hadde over 150 personar om bord.

Utvalgte dokumentarer

No. dokumentar. Sumaren 1989 opnar grensa mellom Østerrike og Ungarn nokre dagar. Eit ungt par fra Aust-Tyskland, Gundula Schafitel og Kurt-Werner Schultz, bestemmer seg for å krysse grensa med den seks år gamle sonen. Men før dei når fram, har grensa blitt stengd igjen. Når dei likevel prøver å komme seg over, blir Kurt-Werner skoten og drepen framfor Gundula og sonen. Hendinga får store ringverknader, og blir byrjinga på murens fall.
Am. dokumentar. En surrealistisk og utrolig historie om en flyktig kjærlighetsaffære mellom to fiendtlige supermakter på høyden av den kalde krigen. Denne historien kunne blitt slutten på stillingskrigen lenge før Gorbatsjov. Høsten 1959 drar Sovjetunionens leder, Nikitia Khrusjtsjov, til Washington på det han senere beskriver som sitt livs reise. På samme tid bygde vanlige amerikanske borgere tilfluktsrom i hagene sine i frykt for en russisk atombombe. Khrusjtsjov både forførte og skremte amerikanerne på de to ukene han var på besøk. (Khruschev Does America)
Svensk dokumentar. Da den sovjetiske ubåten U137 gikk på grunn utenfor Karlskrona i Sverige i oktober 1981, var det mange detaljer som aldri kom fram i mediene. Nye opplysninger og vitnemål kaster nå nytt lys over hendelsesforløpet.