Video Kjempebølgje slo til under TV-sending - Foto: Nyhetsspiller /

Ei 20 meter høg bølgje slo til under ei kinesisk TV-sending om den tropiske stormen Nanmadol.

Rapporterte om stormen - såg ikkje kjempebølgje

Ein fjernsynjournalist gjekk litt vel tett på då ho skulle rapportera om den tropiske stormen «Nanmadol» i Kina.

Reporteren frå den kinesiske fjernsynskanalen CCTV var nære ved å få kjenna naturkreftene på kroppen då ho skulle informera sjåarane om den siste utviklinga av stormen.

Kvinna var ivrig etter å få eit så godt utsnitt som mogleg, og hadde stilt seg i strandkanten i turistområdet Haining i den austlege Zhejiang-provinsen.

Den ikkje-namngjevne journalisten rapporterte på direktesendt fjernsyn då ei 20 meter høg bølgje plutseleg reiste seg i bakgrunnen.

Monsterbølgja slo ned over ei sjødike, som dermed skåna journalisten for ein større støyt. Reporteren kom frå hendinga utan ei skramme - men forfjamsa og gjennomblaut.

Frå orkan i Taiwan til storm i Kina

Nanmadol blei nedgradert frå orkan til tropisk stom måndag, etter å ha gjeve både Filippinane og Taiwan hard medfart.

I helga tok uvêret 16 menneskeliv på Filippinane. Måndag mista ein motorsyklist livet i Taiwan, der store jordskred også sperra inne 300 menneske i ein landsby.

Orkanen etterlét seg også ein halvmeter med vatn som har overfløymt bustader, vegar og jordbruksland. Øydeleggingane er store i den vesle øystaten i Stillehavet.

TOPSHOTS-TAIWAN-WEATHER-TYPHOON - - Regnet etter orkanen Nanmadol hølja i går ned over Taiwan. Her fraktar foreldre borna sine frå ein barneskule i Checheng i den sørlege Pingtung-provinsen. - Foto: Chao Chang / Afp

Regnet etter orkanen Nanmadol hølja i går ned over Taiwan. Her fraktar foreldre borna sine frå ein barneskule i Checheng i den sørlege Pingtung-provinsen.

Foto: Chao Chang / Afp

Styrtregn i vente

Orkanen blei veikare før den slo inn over søraustkysten av Kina onsdag, opplyser det Nasjonale Metereologiske Senteret i Kina.

Nanmadol er den ellevte tropiske stormen som råkar Kina så langt i år.

Natt til onsdag brasa den inn over provinsen Fujian, med vindar opp i 72 kilometer i timen. Lokale media melder om store skadar på avlingane, men det er førebels ikkje meldt om alvorlege personskadar.

Etter at den blei nedgradert til ein tropisk storm, har styresmaktene oppheva alle åtvaringar og krisetiltak.

Flytrafikken ved dei to store flyplassane i provinsen går som normalt og skipsfarten vil også gå tilbake i ordinær drift innan kort tid. Meteorologane åtvarar om kraftig regn i heile regionen dei neste tre dagane, som ein etterverknad av stormen.

Stormen Nanmadol når Kina - Ein mann greidde berre å redda nokre få eigedelar då bustaden hans blei øydelagd i stormen som natt til onsdag kom inn over Kina. - Foto: STR / Afp

Ein mann greidde berre å redda nokre få eigedelar då bustaden hans blei øydelagd i stormen som natt til onsdag kom inn over Kina.

Foto: STR / Afp

Flere utenriksnyheter

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Mex. dokumentar. En av verdens største byer, Mexico by, må få vann fra nabodistriktene for at de over 22 millioner innbyggerne skal overleve. Dette til tross for at byen ble grunnlagt på en øy i den store Texcocosjøen. Sjøen er nå nesten uttørket. Regntiden kunne vært en redning, men det dårlige vann- og kloakksystemet i byen klarer ikke håndtere de store nedbørsmengdene. I stedet blir mange meksikanske hjem hvert år oversvømt av kloakk. Hvordan kunne denne alvorlige vannsituasjonen oppstå og hva kan gjøres nå? (H20mx)
Br. dokumentar. Malala ble skutt av Taliban fordi hun kjemper for jenters rett til utdannelse. BBC's journalist Mishal Husain møter Malala og hennes familie, som forteller om veien tilbake og drømmen for en bedre fremtid for kvinner.
Fr. dokumentar. For koreanarane er Korea eitt land. Både geografien, folket, språket og kulturen er den same. Kan ein gjenforeining av Sør- og Nord-Korea være mogleg? For fyrste gang fortel både sørkoreanere og nordkoreanere heile historia bak Koreahalvøya. (History of the Korean Peninsula)