Hopp til innhold

Fallskjermhopparar omkom i flystyrt

I Polen miste 11 menneske livet då flyet til ein fallskjermklubb styrta laurdag.

Flystyrt i Polen

Privatflyet skal ha teke fyr etter at det styrta. Eit augevitne fortel om rare lydar frå flyet sin motor.

Foto: WALDEMAR DESKA / Afp

Flyet styrta i landsbyen Topolow kort tid etter at det tok av frå Rudniki flyplass i distriktet Czestochova sør i Polen.

Det var 11 fallskjermhopparar om bord i tillegg til piloten. Den einaste overlevande er alvorleg såra, opplyser Justyna Sochacka, talskvinne for naudetatane i landet til nyheitsbyrået AFP.

Mistanke om for tung last

Flyulukke i Polen

Politiet inspiserer ulukkesstaden i Topolow, Polen.

Foto: AGENCJA GAZETA / Reuters

– Tolv personar var om bord i flyet og den einaste overlevande er frakta til sjukehus. Tilstanden er alvorleg, fortel Sochacka.

Flyet var av typen Piper Navajo og tilhøyrde ein privat fallskjermklubb.

– Det flaug veldig lågt over hustaka og det kom merkelege lydar frå motoren. Plutseleg vippa flyet over til den eine sida og tok fyr, seier augevitne Barbara Minczykiewicz til den polske nettavisa Gazeta Wyborcza.

Robert Koziol var også blant vitna til tragedien. Ifølgje han såg det ut som om nokre av passasjerane forsøkte å hoppa ut av flyet då det styrta mot bakken.

– Opne fallskjermar låg på bakken. Ein av fallskjermhopparane overlevde, seier den pensjonerte politimannen til Gazeta.

– Ingen naudmeldingar

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend, men det skal vera mistanke om at flyet var overbelasta, ifølgje den polske TV-stasjonen tvn24. På fallskjermskulen si heimeside står det at flyet har kapasitet til 10 personar.

Ein etterforskar i den polske flyhavarikommisjonen, som tilfeldigvist flaug eit anna fly med kurs for Rudniki-flyplassen då ulukka skjedde, seier det ikkje kom naudmelding frå ulåkkesflyet sin pilot.

– Eg høyrde ingen naudsignal på radioen frå Piper-flyet, srier Jacek Bogatko til Gazeta.

Han meiner noko i maskineriet må ha svikta like etter avgang, ettersom flyet styrta berre 3 kilometer frå rullebana.

Czestochowa

SISTE NYTT

Siste nytt