Hopp til innhold

Europeisk storaksjon mot menneskehandel

Politiet i 15 europeiske land, blant dei Noreg, har tidlegare denne veka gjennomført ein omfattande aksjon for å sjekke prostituerte frå Vest-Afrika opp mot mogleg menneskehandel.

Nigerianske prostituerte

Norsk politi har sjekka vestafrikanske prostituerte opp mot mogleg menneskehandel.

Foto: Arkivfoto: / NRK

Presseansvarleg Ida Dahl Nilssen i Kripos stadfestar overfor NRK at Kripos har delteke i aksjonen, men at dei enno ikkje har oversikt over kor mange kvinner som er avhøyrde.

Ida Dahl Nilssen

Presseansvarleg Ida Dahl Nilssen i Kripos stadfestar at norsk politi deltok i aksjonen.

Ho fortel at dei gjennom ID-kontrollar har prøvd å få oversikt over moglege nettverk og offer for menneskehandel. Kripos jobbar no med å lage ei førebels oversikt over arbeidet her i landet, og dei vil gi fleire detaljar om saka i løpet av morgondagen.

Offer for menneskehandel

Førebelse tal frå Europol i Haag, som har samordna aksjonen, viser at 673 kvinner, dei fleste av dei frå Nigeria, har blitt sjekka opp mot mogleg tilknyting til kriminelle nettverk. Eit førebels anslag går ut på at 111 av dei kan vere offer for menneskehandel.

Politiaksjonen var leidd av Tysklands Bundeskriminalamt og koordinert av Europol i Haag i Nederland. Landa som deltok var Austerrike, Belgia, Danmark, Tyskland, Luxembourg, Nederland, Portugal, Spania, Sverige, Irland, Tsjekkia, Sveits, Storbritannia og Italia i tillegg til Noreg.

Det Europol kallar «større internasjonale flyplassar» i Noreg, Storbritannia, Irland, Finland, Sverige, Sveits, Portugal og Nederland vart spesielt sjekka med tanke på å avdekkje transportruter for menneskesmugling frå Vest-Afrika til Europa.

LES OGSÅ: – Bakmennene visste alt om meg

LES OGSÅ: Måtte sverge lojalitet i Voodoo-seremoni i Nigeria

Velorganiserte kriminelle grupper

Europol-hovudkvarteret i Haag.

Aksjonen vart koordinert frå Europol-hovudkvarteret i Haag i Nederland.

Foto: Mike Corder / Ap

Også Økokrim var involvert i etterforskinga her i landet, ifølgje ei pressemelding frå Europol.

Europeisk politi har i fleire år hatt fokus på menneskehandel med kvinner frå Vest-Afrika. Etterforsking viser at velorganiserte kriminelle grupper i Vest-Afrika sender kvinner til prostitusjon i Europa.

Etter at kvinnene blir rekrutterte i heimlandet, blir dei utstyrte med falske identitetspapir og sende til bordell- og gateprostitusjon i europeiske land. Kvinnene blir flytta frå land til land, og menneskehandlarane har blant anna brukt gamle voodoo-ritual for å sikre seg kontroll over dei.

Skremde til samarbeid

Voodoo, som ikkje er uvanleg i Vest-Afrika, blir brukt til å skremme kvinnene til å samarbeide. Mange av kvinnene set seg i stor gjeld til menneskehandlarane, Europol opplyser at det ikkje er uvanleg at ei prostituert kvinne «skuldar» bakmennene så mykje som 500.000 kroner.

Det er også kjent at bakmennene ofte pressar kvinnene med at ting kan skje med familien deira i heimlandet, om dei ikkje samarbeider.

LES OGSÅ: Kristiansand bosetter prostituerte fra hele landet

LES OGSÅ: Prostituerte knebles av voodoo: - Det er umulig å rømme fra det

SISTE NYTT

Siste nytt