Hopp til innhold

- Vi har utstyr som kan hindre at fly forsvinn sporlaust

Luftfartseksperten Einar Sørensen etterlyser politisk vilje til å vedta lover som kan sikre at passasjerfly har utstyr som gjer det mogleg for flykontrollen å ha kontakt med dei heile tida.

Leting etter Malaysian Airlines-flyet

Leitinga etter MH370 held fram for fullt, og leiteområdet blir stadig utvida.

Foto: Binsar Bakkara / Ap

– I ei tid med GPS, satellittkommunikasjon og Internett er det utruleg at eit passasjerfly berre kan bli borte, seier Einar Sørensen, som har lang erfaring frå internasjonal luftfart..

Den Toulouse-baserte norske eksperten seier at det i dag er fullt mogleg å montere utstyr på flya som gjer at det er lett å ha kontakt med dei absolutt heile tida, også utanom sonene som ikkje er dekka av radar. Dette utstyret kan sende posisjonsdata kontinuerleg til flykontrollen på bakken.

Sørensen meiner det er stor likskap mellom forsvinninga til flyet frå Malaysia Airways sist laurdag og ulukka med AF447 i Sør-Atlanteren natt til 1. juni 2009, der 228 menneske omkom. Dei to katastrofane er sjokkerande like, meiner han.

LES OGSÅ: – Et fly kan forsvinne på to måter

LES OGSÅ: Har fire teorier om savnet fly

Einar Sørensen: Når et fly forsvinner

– Skandaløst enkelt

 Einar Sørensen

Einar Sørensen (73) er ekspert på internasjonal luftfart.

Foto: Ronald Johansen

Då var det ein Airbus 330 frå Air France som forsvann utan ein påviseleg grunn. Det tok fem dagar før sideroret frå AF447 vart funne, og det gjekk to år før vraket vart lokalisert på djupt vatn i Atlanterhavet.

– Svaret på kvifor dei to flya forsvann utan at nokon registrerte det, er skandaløst enkelt. Ingen av flya hadde utstyr om bord som kunne sende pålitelege posisjonsdata til flykontrollen på bakken, som truleg heller ikkje hadde teknologi til å ta mot slike data, seier Einar Sørensen.

Han er klar på at det er manglande politiske vilje til å innføre eit påbod om å bruke slikt utstyr. Også flyselskapa kjempar i mot. Dei krev at om det skal innførast eit påbod om slikt utstyr, så må påbodet vere globalt. Og det kan vise seg å bli svært vanskeleg å få til.

Sørensen fortel at ulukka med Air France-flyet i 2009 fekk EU-kommisjonen til å bråvakne. Det vart straks sett i verk arbeid med å sikre betre overvaking av rutefly ved hjelp av moderne satellitteknologi. Prosjektet OPTIMI (Oceanic Position Tracking Improvement and Monitoring Initiative) fekk topp prioritet. Både Airbus og Air France deltok aktivt i arbeidet.

LES OGSÅ: Frigir Air-France-pilotenes siste ord

LES OGSÅ: Feil med fartssensorer kan ha vært årsaken til Air France-ulykken

Satellitt- og datateknologi

– Eit hovudmål var å sikre flykontrollen på bakken pålitelege posisjonsdata på eit fly som havarerte, slik at søk- og redningstenesta hadde noko å gå ut frå når dei starta leiting, seier Sørensen.

Han fortel at den franske flyhavarikommisjonen i rapporten etter Air France-ulukka slo fast at dersom AF447 hadde vore utstyrt med tilgjengeleg satellitt- og datateknologi, så ville ein ha visst kvar flyet havarerte innanfor ein radius på 900 meter.

Utstyret det er snakk om er navigasjonssystemet FANS-1/A (Future Air Navigation System) og ADS-C (Automatic dependent Surveillance-Contract).

- Som vanleg er flyselskap flest lunkne til nye kostnader og har ikkje akkurat stått i kø for å ta i bruk dette utstyret. Det verkar som om dei er ivrigare på å innføre Internett og mobiltelefoni til passasjerane enn å sikre seg best mogleg tryggingsutstyr, seier Einar Sørensen til NRK.

LES OGSÅ: Verdens gåtefulle flystyrter og forsvinninger

Bilder av Air France 447-flyet

Undervassbilete av det havarerte Air France-flyet.

Foto: HO / Reuters

– Ikkje veldig dyrt

Dette utstyret er ikkje spesielt dyrt, seier Sørensen. Prisen vil vere rundt ein million kroner på eit nytt fly, men atskilleg dyrare om det skal monterast på gamle fly. Det vil krevje ombygging av flyet, og då blir det fort snakk om store pengar.

FNs organisasjon for sivil luftfart, ICAO , har slutta seg til OPTIMI-programmet, men førebels er det berre snakk om ei tilråding. Denne tilrådinga lyder slik:

«Alle fly på langdistansar over hav eller aude regionar skal ha utstyr om bord som gjer det mogleg å slå fast ein havaristad innanfor ein radius på 7,4 kilometer».

Tidspunktet for tiltaka er sett til 2020, men berre dersom medlemslanda i ICAO sluttar seg til det.

LES OGSÅ: Har ikke rapporter om at flyet fløy etter siste kontakt

LES OGSÅ: – Savnet fly var i luften i fire timer etter siste kontakt

– Går for sakte

Sørensen er oppgitt fordi utbygginga av desse systema går altfor sakte, trass i at den internasjonale flytrafikken er i vekst. Det var ifølgje ICAO 3,1 milliardar flypassasjerar i 2013. Utrekningar viser at i 2030 vil 6,4 milliardar menneske bruke fly, og 30 prosent av denne trafikken vil vere i Asia/Stillehavsområdet.

– Gapet mellom den tryggleiken vi ynskjer og den reelle tryggleiken berre aukar og aukar, seier Sørensen.

ICAOs måling av globale tryggingsstandardar viser eit snitt på verdsbasis på cirka 60 prosent. Berre 99 land ligg over denne standarden, medan heile 83 land ligg under snittet.

Air France 447-havariet i 2009.

Det tok fem dagar før sideroret frå Air France 447 vart funne i havet utanfor Brasil i juni 2009.

Foto: Ap

– Det globale luftrommet er nærmast ein jungel i dag, med store hol i tryggleiken utanfor europeisk, nordamerikansk og australsk luftrom, seier luftfartseksperten, og held fram:

– Malaysia ligg over snittet, men kva hjelper det dersom nabolanda ligg under? Det er truleg svaret på det kaos som pregar leitinga etter MH370.

– Svarte boksar har store manglar

Sørensen meiner likevel at vi i den vestlege verda ikkje kan slå oss på brystet og skryte av kor flinke vi er:

– Dessverre er det slik at i delar av Atlanterhavet, spesielt i sør og nord, kan faktisk fly forsvinne sporlaust. Ingen av dei moderne systema vi har snakka om er påbodne. Det er berre dei to utdaterte svarte boksane, Cockpit Voice Recorder (CVR) og Flight Data Recorder (FDR). Desse har store manglar, som at dei ikkje kan overføre data kontinuerleg til bakken og har naudpeilesendarar som berre fungerer i nokre få timar, seier han.

Sørensen fortel at Atlanterhavet er den tettast trafikkerte regionen med over 1000 flygingar dagleg og opp mot 1300 på travle sommardagar. Ifølgje OPTIMA-rapporten er under halvparten av flya utstyrte med det utstyret FANS-1/A og ADS (B og C). Også på bakken er det store manglar, seier han.

– Avgjerande

– OPTIMI kan ikkje forhindre ei ulukke, men for å finne eit havarert fly og eventuelle overlevande, så er dette utstyret avgjerande, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt