Hopp til innhold

Endeleg ny president i Afghanistan

Etter månadar med krangling vert Ashraf Ghani i dag innsett som ny president i Afghanistan. Han tek over presidentposten i ein særs kritisk fase for Afghanistan.

AFGHANISTAN-ELECTION-UNREST

Ashraf Ghani vart i deg teken i eid som Afghanistan sin nye president. Han står overfor fleire store utfordringar i tida som kjem.

Foto: Noorullah Shirzada / Afp

– Eg vil stå ved grunnlova og andre lover og beskytte deira implementering, sa Ghani då han vart teken i eid som ny president i Afghanistan i dag.

Å få på plass ein ny president har blitt omtalt som heilt avgjerande for at Afghanistan skal kome tilbake på skjener att. Nato har sagt dei vil trekke ut alle sine styrker i løpet av året, og det har lenge gått føre seg eit arbeid med å overføre ansvaret for tryggleiken i landet til det afghanske militære og politi.

Kunne ende i kaos

Presidentvalet i juni skulle vere eit viktig skritt på vegen mot sjølvstyre og demokrati i Afghanistan, men valet enda i krangling mellom dei to presidentkandidatane. Offentleggjeringa av resultatet har blitt utsett fleire gonger, og begge to har kåra seg sjølv til vinnar av valet.

Det var lenge frykt for at krangelen mellom dei to potensielle statsleiarane skulle skape kaos og vald i det krigsherja landet. Men både USA og FN var inne i biletet for å få på plass ein avtale mellom dei to rivalane, og førre søndag vart dei to einige.

Ashraf Ghani tek rolla som president, medan Abdullah Abdullah får rett til å utnemne ein regjeringssjef, noko som i prinsippet vert det same som ein statsminister.

Men å opprette ein slik ministerpost er omstridd, og vert av fleire sett på som eit brot på landets grunnlov. Mange ekspertar har kritisert valet i Afghanistan, og meiner det heile har vore ein særs udemokratisk prosess.

Sjølvmordsbombar

Berre minutt før Ghani i dag vart innsett som president, sprengte ein sjølvmordsbombar seg sjølv i lufta, ved flyplassen i hovudstaden Kabul.

Det er førebels ikkje kjend om sjølvmordsbombaren høyrde til ei spesiell gruppe, eller kor mange som vart drepne i angrepet. Men vitne på staden fortel til nyheitsbyrået Reuters om døde menneske på staden.

Terrorgrupper som Taliban er framleis sterke i Afghanistan, og bidreg til stor uro blant folket. Presidenten strekte i dag ut ei hand til gruppene, og bad om dialog.

– Me ber motstandarar av regjeringa, spesielt Taliban og Hizb-e-Islami, til å delta i politiske samtaler, sa Ghani etter at han hadde blitt teken i eid.

Store utfordringar framfor seg

Mange stiller no spørsmål ved om eit samarbeid mellom dei to toppolitikarane vil fungere. Det har allereie vore teikn til usemje mellom dei to, og ytterlegare krangel kan føre til at den skjøre kollisjonen kollapsar.

Dei to partane skal ha krangla om kontorlokale, og ha vore ueinige om Abdullah skulle få lov til å tale under innsettinga av Ghani som president.

Men desse to kranglane er smådrops samanlikna med dei utfordringane Ghani no står overfor. Ei av dei første sakene den nye presidenten må ta tak i er ein omstridd tryggingsavtale som Afghanistan har med USA.

Førre president, Hamid Karzai, sa at han nekta å signere avtalen før USA hadde stansa alle militære angrep på sivile afghanske heimar. I førre veke sa derimot USAs utanriksminister, John Kerry, at han har trua på at det vil kome i stand ein ny tryggingsavtale, no som landet får ny president.

SISTE NYTT

Siste nytt