I eit vallokale i Khartoum kan ein høyre låg summing. Oppslutninga til valet er ikkje kjent endå, men det er tydeleg at det mange stader er få som har møtt opp for å gjere si borgarplikt.
Valet har til og med blitt forlenga med eit døgn på grunn av det dårlege veljaroppmøtet – med håp om at fleire skal bruke si stemme.
- LES OGSÅ:
– Ikkje balansert val
På onsdag møtte berre 15 personar opp ved det største vallokalet i Khartoum for å stemme, fortel nyheitsbyrået AFP.
– Valoppmøtet er lågt av fleire grunnar. Støtta frå valkomiteen har ikkje vore balansert. Som politiske parti stiller me ikkje likt, me har ikkje dei same sjansane for å nå fram i media med National Congress Party får den sjansen, seier Osman al-Imam som er kandidat for partiet Democratic Unionist Party.
National Congress Party er Sudan sitt regjeringsparti, og sjefen for det heile er president Omar al-Bashir.
- LES OGSÅ:
Han er etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag og skulda for folkemord mot sitt eige folk i Darfur. Men i Sudan er han mektig nok til å få regjere vidare, sjølv etter 26 år ved makta.
I den urolege og borgarkrigsherja regionen Darfur er oppmøtet særs dårleg ved dei vallokala som AFP har besøkt. I Mayo, ein bydel i Khartoum kor det bur mange folk frå dei urolege regionane Darfur og Sør-Kordorfan, er det få som seier at dei har stemt.
– Eg stemte ikkje, og eg veit ikkje kor eg skal stemme, seier Rosa Hakim, som bur i Mayo.
Opposisjonen boikottar
Mange meiner Bashir har klart å kvitte seg med det meste av opposisjon i forkant av valet. To viktige opposisjonsleiarar har vore arresterte, og vart sette fri berre få dagar før valet.
Medan den viktigaste opposisjonen boikottar valet fordi dei meiner Bashir og hans parti sit med all makt og gjer det umogleg å få til ein rettvis valkamp. Dei har også oppmoda folk til å la vere å stemme, noko det kan tyde på at mange har gjort.
- LES OGSÅ:
Ved vallokala i Khartoum er det uansett fleire som seier at dei har stemt på Bashir, fordi dei vil. Og mange håper at valet i Sudan kan bety starten på ein fredfull periode i eit land som har vore prega av altfor mykje vald dei siste tiåra.
Oppteljinga av stemmer har no starta, og resultatet er venta i slutten av april. Vinnaren av valet må ha meir enn halvparten av stemmene for å kunne erklære seg som valvinnar.