Hopp til innhold

Eittbarnspolitikken går mot slutten i Kina

Den over 30 år gamle lova i Kina som seier at innbyggjarane berre kan få eitt barn, kan gå mot slutten, skriv avisa The Guardian. – Den demografiske varsellampa har blinka lenge, seier forskar.

Kinesiske kvinner ammer barna

Eittbarnspolitikken som vart innført i Kina på 70-talet, står for fall. Par får i framtida moglegheita til å få fleire born.

Foto: Elizabeth Dalziel / AP/NTB Scanpix

Den kontroversielle og ofte brutale politikken som regulerer kor mange barn kvar einskild innbyggjar kan få, vart innført på 70-talet.

Innbyggjartalet dobla seg frå 1949 til 1976, til 940 millionar menneske, skriv The Guardian. Reguleringslova var meint å bremse den enorme innbyggjarveksten.

– Den nye reguleringa, der alle kinesiske par kan få to barn, kan tre i verk alt ved slutten av året dersom alt går etter planen, seier ei kjelde i styresmaktene til the China Business News, ifølgje avisa.

Fryktar den komande «eldreboomen»

Demografar har åtvara om at ein stadig større del av innbyggjarane vert eldre, medan den arbeidsføre delen av folket minkar, ifølgje Kinaforskar Harald Bøckman.

– Kina vil få eit stort demografisk problem dersom lova ikkje vert mjuka opp. Ein vil få ein alderspyramide der det blir færre hender som held liv i stadig fleire gamle, seier han.

Eittbarnspolitikken har ikkje vore absolutt. Fleire, blant anna enkelte minoritetar, familiar der begge foreldra er einebarn, og bondefamiliar der førstefødde er jente er unntatt frå lova.

Kinesarane har tradisjonelt nemleg hatt ein sterk preferanse for gutebarn.

Harald Bøckman

Forskar Harald Bøckman trur Kina vil få store problem med å takle eldrebølgja som vil kome snart.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Kvinner tvungne til å ta abort

Ei hending i 2012 var ifølgje The Guardian eit bevis på den brutale handhevinga av lova. Ei 23 år gammal kvinne skal ha blitt tvungen til å ta abort då ho var sju månader på veg.

Kinesarane si favorisering av søner, kombinert med eittbarnspolitikken, gjer Kina til eit av verdas mest kjønnsskeive land. Drap på jentebabyar, selektiv abort og foreldre som adopterer vekk jenter er ikkje ukjente fenomen i Kina.

Men Bøckman trur også at statusen til jentebarn har auka etter kvart.

– Trass i mange vonde skjebnar som drap og selektiv abort, har status for jenter auka. Dersom ein berre har eitt barn vil det automatisk få ein høgare verdi uansett kjønn. Dessutan har det vist seg at jentene tek betre vare på forelda, seier Bøckman.

Jente på sykkel i Qiyan i Shaanxi-provinsen i Kina

Jentebarn har lenge hatt låg status i Kina. Dette er no i ferd med å betre seg, ifølgje forskar. Denne jenta bur i byen Qiyan i Shaanxi-provinsen som ligg midt i landet.

Foto: Andy Wong / Ap

– Har revolusjonert måten å tenke på

Forskaren seier også at den strenge politikken har letta byrder frå både familiar og enkeltpersonar, ved at ein får færre munnar å mette.

– Denne politikken har fungert etter planen. Den har hatt sin høge menneskelege pris, men den har ført til ein revolusjon når det gjeld å tenke på korleis ein familie kan sjå ut, seier Bøckman.

Kinesiske styresmakter hevdar at lova har hindra om lag 400 millionar fødslar. Før lova kom var det gjerne vanleg med 5–6 born per familie.

SISTE NYTT

Siste nytt