Hopp til innhold

Eitt år sidan angrepet på Serena

I dag er det eitt år sidan terrorangrepet mot Serena Hotell i Kabul, der den norske journalisten Carsten Thomassen vart drepen.

Carsten Thomassen

Carsten Thomassen vart drepen i angrepet mot Serena Hotel i Kabul

Foto: Even Bast / AP

Carsten Thomassen var ein av fleire norske pressefolk og folk frå utanrikstenesta som oppheldt seg på hotellet, i samband med utanriksminister Jonas Gahr Støre si vitjing i Afghanistan.

- Vi ble beordret ned på gulvet

Døde etter terrorangrep

Utanriksministeren var sjølv på hotellet då fire væpna menn greidde å kome seg inn i hotellet.

Informasjonsrådgjevaren Bjørn Svenungsen frå UD vart alvorleg såra i angrepet.

Jonas Gahr Støre på Serena Hotel

Jonas Gahr Støre vart evakuert til bomberommet i hotellet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Taliban-angrep

Ein talsmann for Taliban sa til nyheitsbyrået AP etter angrepet at det var fire av deira krigarar som utførde operasjonen. Ein av dei sprengde seg sjølv i lufta, medan dei tre andre kasta granatar og skaut med maskingevær mot alt og alle.

Jonas Gahr Støre var i etasjen under resepsjonen då bomba gjekk av. Han vart raskt flytta til eit bombesikkert rom kjellaren saman med livvaktene sine.

Utenriksminister Jonas Gahr Støre holdt minnetale for Dagbladets journalist Carsten Thomassen.

Frå gravferda til Carsten Thomassen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Thomassen og Svenungsen vart skotne av ein av terrorist kledd i politiuniform då dei kom ut av heisen i resepsjonsområdet. Det har aldri kome fram om den norske delegasjonen var målet for angrepet, eller om det var tilfeldig.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon sa like etter angrepet at han trudde det var retta mot den norske utanriksministeren. Norske styresmakter seier dei ikkje har bevis for at angrepet var retta mot den norske delegasjonen.

Serena Hotel vart ofte brukt av internasjonale gjestar, og var såleis eit høgt prioritert mål for Taliban.

Ein talsmann for den afghanske etterretningstenesta sa at mennene som stod bak angrepet mot Serena Hotell, og seinare attentatet mot president Hamid Karzai, hadde band til pakistansk etterretning.

Mangla beredskapsplan

Utanriksminister Jonas Gahr Støre har seinare vedgått at Utanriksdepartementet ikkje hadde beredskapsplanar for den typen terrorangrep dei vart utsette for på Serena Hotel i Kabul 14. januar 2008.

Han sa under høyringa i Stortinget at beredskapen i utgangspunktet var god nok, men det ikkje var noko apparat for å handtere ein situasjonen der kriseleiinga i departementet var under angrep.

Støre har også lagt fram fleire tiltak som departementet har sett i verk som skal gjere at dei som er på reise skal vere betre rusta i møte med eventuelle liknande situasjonar i framtida.

Eitt av tiltaka er at UD vil bli meir restriktive med å offentleggjere alle detaljane rundt reiseplanar på nettet. UD har også oppretta ein ny stilling som tryggingskoordinator.

Tsjekkisk sjukehus

Det er klart at Carsten Thomassen måtte vente i to timar før det var mogleg å få han til det tsjekkiske ISAF-sjukehuset i Kabul. Der døydde han på operasjonsbordet.

Jonas Gahr Støre sa det slik i eit intervju med NRK:

- Vi ser i etterkant at fleire ting kunne ha vore handterte betre, men eg avviser alle spekulasjonar om at det vart gjort forskjell på Carsten Thomassen og UDs sterkt skadde medarbeidar".

Carsten Thomassen var fødd 15. mai 1969. Han hadde arbeidd som reporter i Dagbladet i ni år då han vart drepen på Serena Hotel. Han vart rekna som ein svært dyktig og kunnskapsrik journalist.

Han etterlet seg sambuar og to døtrer.

Dyktig og kunnskapsrik

Jonas Gahr Støre kommenterte dødsfallet slik:

"Carsten var en einar blant norske journalistar. Han kombinerte solid journalistisk arbeid med integritet og store kunnskapar. Han har fylgt med på mange reiser, og han var inntil det siste fyld av gjerninga si som journalist".

Statsminister Jens Stoltenberg sa blant anna dette:

" Eg hadde stor respekt for den kunnskapsrike, erfarne og reflekterte journalisten han var".

Her sprengte selvmordsbomberen seg selv

Her sprengde ein av angriparane seg sjølv i lufta.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX