Hopp til innhold

Dømd for 11. september – peikar på Saudi-Arabia

Zacarias Moussaoui, den einaste som er dømd for medverknad til 11. september-angrepa mot New York og Washington, seier at sentrale medlemer av den saudiarabiske kongefamilien var viktige støttespelarar for Al Qaida i tida før terrorangrepa.

11.september 2001

Terrorangrepa mot New York og Washington 11. september 2001 var dei verste som har ramma USA nokon gong.

Foto: Greg Semendinger / Scanpix/Reuters

Moussaoui har også sagt at han diskuterte nedskyting av Air Force One, det amerikanske presidentflyet, med ein tilsett ved den saudiarabiske ambassaden i Washington, melder New York Times .

Det er ikkje første gong det kjem fram skuldingar om at mektige krefter i Saudi-Arabia var medskuldige i 11. september-terroren. New York-dommaren George B. Daniels har lenge førebudd eit søksmål mot Saudi-Arabia på vegner av slektningar av dei som vart drepne under terrorangrepet mot New York.

Zacarias Moussaoui

Zacarias Moussaoui har gitt opplysningar om at saudiarabiske styresmakter gav støtte til Al Qaida-nettverket i år før terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Foto: SHERBOURNE COUNTY SHERIFF / Scanpix/AFP

Fengsel på livstid

Zacarias Moussaoui, som sonar på livstid i eit amerikansk fengsel, skreiv i fjor haust eit brev til Daniels og tilbaud seg å vitne i saka. Etter lange forhandlingar med det amerikanske justisdepartementet fekk ei gruppe advokatar møte Moussaoui i fengselet og intervjue han i to dagar i oktober i fjor.

I ei fråsegn frå den saudiarabiske ambassaden heiter det følgjande: «Moussaoui er ein degenerert kriminell, og til og med hans eigne advokatar har presentert bevis for at han er mentalt inhabil. Det han seier er ikkje truverdig».

Ambassaden viser også til at den amerikanske 11. september-kommisjonen tidlegare har avvist alle skuldingar om at den saudiarabiske regjeringa eller saudiske tenestemenn har støtta Al Qaida.

No har altså franskfødde Zacarias Moussaoui levert eit over 100 sider langt vitnemål som fortel om tett samarbeid mellom Osama bin Laden og høgstståande medlemer av kongehuset i Saudi-Arabia. i år før terrorangrepa.

Osama bin Laden

Den fengsla franske statsborgaren Zacarias Moussaoui har sagt at han fungert som kurer for Osama bin Laden og hans kontaktar i Saudi-Arabia.

Foto: Ap

Sat i fengsel 11. september

Moussaoui vart arrestert få veker før 11. september 2001 i Minnesota for brot på immigrasjonslovene. Han sat i fengsel 11. september, men det er slått fast at han tidlegare dette året tok flytimar. Han fekk også overført 14.000 dollar frå ei Al Qaida-celle i Tyskland.

Dette vart lagt fram som bevis for at han etter planen skulle vere ein av kaprarane som skulle styrte fly inn i bygningar 11. september.

I vitnemålet han gjorde i fengselet i fjor haust, og som vart levert til ein domstol i New York sist måndag, fortel Moussaoui at han fekk i oppdrag av Al Qaida-leiarar i Afghanistan å lage ein digital database over dei som gav pengar til gruppa.

Blant dei han nemner som stod på lista var blant andre prins Turki al-Faisal, den saudiarabiske etterretningssjefen prins Bandar Bin Sultan, den saudiarabiske ambassadøren til USA prins l-Waleed bin Talal. I tillegg var også ein styrtrik saudiarabisk investor og fleire av dei leiande religiøse autoritetane i Saudi-Arabia.

New Yorkere løper for livet etter at tvillingtårnene raser sammen 11.9 2001.

Terrorangrepa mot USA 1. september 2001 ramma blant anna World Trade Center i New York. Over 3000 menneske vart drepne.

Foto: DOUG KANTER / Afp

Psykiatrisk diagnose

Det stemmer at Zacarias Moussaoui har fått ei psykiatrisk diagnose, men han vart funnen frisk nok til å bli stilt for retten tiltalt for terrorisme. Han vart dømd til livsvarig fengsel i 2006, og han sonar straffa i det som skal vere det sikraste fengselet i det føderale fengselssystemet i USA, i byen Florence i Colorado.

Advokatane som intervjua han seier at han verka heilt frisk, og at han hadde god oversikt over det han snakka om.

Skuldingane mot Saudi-Arabia kjem på eit sensitivt tidspunkt i forholdet mellom USA og Saudi-Arabia, rundt to veker etter at kong Abdullah døydde og halvbroren hans Salman tok over makta i landet.

Zacarias Moussaoui har fortalt i intervjua i fengselet at han fleire gonger møtte dåverande kronprins Salman og fleire andre frå den saudiarabiske kongefamilien, og at han overleverte brev til dei frå Al Qaida-leiaren Osama bin Laden.

LES OGSÅ: 19 menn som ble terrorister

LES OGSÅ: - Det vil alltid følge deg, og tidvis forfølge deg

Afghansk mujahedin

Både USA og Saudi-Arabia støtta dei afghanske mujahedin-gruppene som kjempa mot dei sovjetiske okkupasjonsstyrkane på 1980-talet.

Foto: Scanpix

Kjempa mot Sovjetunionen

Det har lenge vore kjent at rike saudiarabarar har aktivt støtta bin Laden og Al Qaida økonomisk. Osama bin Laden var sjølv sonen til ein rik saudiarabisk forretningsmann.

Det har også vore kjent at Saudi-Arabia saman med USA deltok i finansieringa av islamistiske grupper som kjempa mot den sovjetiske okkupasjonshæren i Afghanistan på 1980-talet. Det er også liten tvil om at Al Qaida-nettverket utvikla seg frå grupper som kjempa mot Sovjetunionen på denne tida.

Det har likevel ikkje vore mogleg å bevise at saudiarabiske styresmakter også ytte direkte støtte til Al Qaida, eller at dei også deltok i planlegginga og finansieringa av angrepa mot USA i 2001.

Moussaoui sa i vitnemålet at han var kurer for bin Laden, og at han tok med seg personlege brev to prominente saudiarabiske prinsar og religiøse leiarar. Han fortalde også korleis han fekk opplæring og trening i Al Qaida-leirar i Afghanistan.

LES OGSÅ: Terrorsaker i Madrid og Washington

LES OGSÅ: – Drapet på bin Laden var en viktig symbolsk seier

Fly

Zacarias Moussaoui har fortalt om planar om å skyte ned det amerikanske presidentflyet Air Force One.

Foto: CLAUDIO BRESCIANI / NTB scanpix
Bob Graham

Tidlegare senator Bob Graham (t.v.) er overtydd om at Saudi-Arabia spelte ei rolle i planlegginga av 11. september-angrepa mot USA.

Foto: Lauren Victoria Burke / Ap

– Skyte ned Air Force One

Vidare sa han også at han snakka med ein tenestemann ved den saudiske ambassaden i Washington om å skyte ned Air Force One, og at han fekk i oppdrag å finne ein stad der det kunne passe å setje i verk eit angrep mot presidentflyet med ein Stinger-rakett.

Han vart arrestert av amerikansk politi før han fekk sjansen til å starte planlegginga, har han sagt. Moussaoui sa også i vitnemålet sitt at han vurderte om det var mogleg å gjennomføre angrep med fly som blir brukte til å sprøyte insektmiddel på avlingar.

Fleire amerikanske politikarar har kravd at ein hemmelegstempla rapport frå Kongressen om Saudi-Arabia om Saudi-Arabia si rolle i angrepa mot USA 11. september 2001, skal gjerast offentleg.

LES OGSÅ: - USA har sikra seg bin Ladens svigerson og talsmann

LES OGSÅ: – Tortur hjalp ikke CIA med å finne bin Laden

Overtydd om saudisk støtte

– Eg er overtydd om at det var ei direkte line mellom minst nokre av terroristane som gjennomførte angrepa 121. september og regjeringa i Saudi-Arabia, seier tidlegare senator Bob Graham i eit brev der han ber om rapporten blir gjort offentleg. Graham var nestleiar i kommisjonen i Kongressen som granska 11. september-angrepa.

Dette brevet vart sendt før vitnemålet til livstidsdømde Zacarias Moussaoui vart kjent.

LES OGSÅ: Bin Ladens svigersønn dømt i USA

LES OGSÅ: Mannen som skjøt bin Laden forteller hvorfor han står frem

LES OGSÅ: – Al Qaida er mer splittet etter drapet på bin Laden

SISTE NYTT

Siste nytt