Hopp til innhold

Dødstruslar mot Caroline Kennedy

Japansk politi har starta etterforsking etter at det er sett fram dødstruslar mot USAs ambassadør til landet, Caroline Kennedy.

USAs ambassadør til Japan, Caroline Kennedy.

Ein person ringde sist månad inn dødstruslar mot USAs ambassadør i Japan, Caroline Kennedy.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / Afp

Det var sist månad at ein person ringde til den amerikanske ambassaden i Tokyo og trua med å ta livet av Kennedy. Ein talsmann for det amerikanske utanriksdepartementet seier at dei tek alle truslar mot amerikanske diplomatar svært alvorleg.

- Nødvendige tiltak

– Vi gjer alt vi kan for å verne personalet vårt. Vi samarbeider med japanske styresmakter for å sikre at alt blir gjort for å forsikre oss om at dei nødvendige tiltaka blir sette i verk, seier talskvinne Marie Harf. Ho seier at dei ikkje vil gå i detaljar om truslane.

Meldinga om truslane mot Caroline Kennedy, dotter av avdøde president John F. Kennedy, blir gjort kjent to veker etter at USAs ambassadør til Sør-Korea, Mark Lippert, vart utsett for eit knivangrep i Seoul. .

Støtte til ambassadør Lippert

Etter angrepet på den amerikanske ambassadøren vart det halde støttedemonstrasjon for han i Seoul.

Foto: Lee Jin-man / Ap

Det er uklart om det er noko samband mellom angrepet på Lippert og truslane mot Caroline Kennedy.

Ein 55 år gammal mann, medlem av ein venstrenasjonalistisk organisasjon som går inn for dialog med Nord-Korea, er arrestert for ugjerninga. Han ropte slagord mot krig då han vart arrestert, og han er tidlegare dømt for å kasta stein på den japanske ambassadøren.

- Rettferdig straff

Det statlege nordkoreanske nyheitsbyrået sende ut ei melding etter angrepet, der angrepet vart framstilt som ei rettferdig straff for amerikanske krigshissarar.

Amerikansk ambassadør ute av sykehuset

Truslane vart gjort kjende same dag som USAs førstedame Michelle Obama kom til Japan. I løpet av fem dagar skal ho vitje Japan og Kambodsja for å fokusere på jenter og utdanning.

Kennedy vil overta etter Clinton

JFKs datter - ny USA-ambassadør?

Jackie i den rosa drakten

SISTE NYTT

Siste nytt