Hopp til innhold

Dette skjer i Hellas ved ja eller nei søndag

Ekspertar meiner at både eit ja-fleirtal og eit nei-fleirtal i folkerøystinga i Hellas førstkomande søndag, kan ende med at det blir danna ei nasjonal samlingsregjering eller eit nyval.

Greske pensjonistar i bankkø på Kreta.

Greske pensjonistar i kø utanfor Nasjonalbanken i Heraklion på Kreta for å få ut pensjonen sin.

Foto: STRINGER / Reuters

Same kva resultat det blir søndag, så er det ein vesentleg ting Hellas må ta tak i, same kva regjering som styrer. Det er den omfattande svarte økonomien i landet. Skattedirektør Nikos Lekkas sa i 2012 at mellom 40 milliardar og 45 milliardar euro blir lurt unna skatt kvart år.

Dette er mellom 12 og 15 prosent av brutto nasjonalprodukt i Hellas.

– Lurer seg unna skatt

Xavier Timbeau, forskingsleiar ved Det franske økonomiobservatoriet i Paris, seier dette om den svarte økonomien i Hellas.

Gresk valplakat.

Høg temperatur i valkampen. Denne plakaten i Aten har bilete av Tysklands finansminister Wolfang Schaüble. Teksten er: I fem har han drukke blodet ditt. No må du seie nei til han.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

– Det er klare manglar når det gjeld skatteinnkrevjing, og det er mange som lurer seg unna skatt. Greske styresmakter må finne ei løysing på dette, seier han til nyheitsbyrået AFP. Han meiner det er heva over all tvil at Hellas har eit stort problem med skattesvik, kameraderi og korrupsjon.

Timbeau meiner også det er heilt naudsynt for Hellas å få inn utanlandske investorar i næringslivet, og for at dette skal bli mogleg, er det avgjerande at det han kallar eit kvelande og tungvint byråkratisk regelverk blir forenkla. Økonomar er samde om at den greske økonomien er prega av strukturell veikskap.

Arbeidsløyse er eit enormt problem i Hellas. 26,9 prosent av arbeidsstyrken er utan arbeid, men for dei under 25 år er talet over 50 prosent. Dei som har god utdanning og har sjanse til å få jobb utanlands, reiser ut. Dermed er også såkalla hjerneflukt eit problem for landet.

LES OGSÅ: Dette er vilkåra til kreditorane

Kva skjer ved eit nei?

Søndag går greske veljarar til val. Dei er bedne om å seie nei eller ja til krava kreditorane har sett for å gi nye lån til det konkurstrua landet. Statsminister Alexis Tsipras ber folk røyste nei til vilkåra, og han har meir enn ymta om at han vil gå av om ikkje folket følgjer rådet hans.

Pensjonist kollapsa i bankkø i Thessaloniki.

Ein eldre mann har kollapsa utanfor ein bank i Thessaloniki i Hellas, der han stod i kø for å få ut pensjonen sin.

Foto: SAKIS MITROLIDIS / Afp

Hovudargumentet til statsministeren er at eit nei vil styrke forhandlingsposisjonen til Hellas, og i går kveld sa Tsipras at han rekna med at ein avtale med kreditorane vil vere klar eit par dagar etter avrøystinga , altså tysdag.

Dette er noko leiaren for eurosamarbeidet, den nederlandske finansministeren Jeroen Dijsselbloem, på det sterkaste avviser. Fleire EU-tenestemenn har sagt at eit nei i folkerøystinga kan bli sett på som eit nei til euro-samarbeidet, og dermed som eit nei til seriøse avtalar med kreditorane, ifølgje AFP.

Hellas-ekspertar trur at eit nei kan føre til at Hellas ikkje vil greie å betale det store avdraget til Den europeiske sentralbanken (ECB), som har frist 20. juli. Dermed kan ECB svare med å fryse eller heilt stanse utbetalingar av nye naudlån til Hellas, noko som igjen vil føre til store problem for banksektoren.

Dette igjen kan tvinge Tsipras til å gå av og bane vegen for ei nasjonal samlingsregjering.

Kva skjer ved eit ja?

Alexis Tsipras

Statsminister Alexis Tsipras meiner eit nei-fleirtal søndag vil gi Hellas eit betre utgangspunkt for nye forhandlingar.

Foto: Reuters

Statsminister Alexis Tsipras har fleire gonger sagt at han vil trekkje seg dersom veljarane seier ja til kreditorane sine vilkår. Vilkåra medfører ei tøff omstilling av den greske økonomien, med blant anna ei kraftig auke av momsen, lågare pensjonsutbetalingar og høgare pensjonsalder.

Dersom Tsipras gjer alvor av truslane, ville det normalt føre til eit snarleg nyval, kanskje så tidleg som i september. Men med den alvorlege krisa Hellas opplever, med stengde bankar som det mest synlege resultatet, er det grunn til å tru at presidenten vil prøve å presse politikarane til å danne ei nasjonal samlingsregjering.

Om dette lukkast, kan ei samlingsregjering gå inn i nye forhandlingar med kreditorane og prøve å halde den greske skuta flytande til det blir halde nyval.

Sosialdemokratiske PASOK, sentrumspartiet To Potami og konservative Nytt Demokrati har signalisert at dei vil vere med i ei samlingsregjering, men problemet er at dei tre partia til saman berre har 106 plassar av 300 i det greske parlamentet.

Det betyr at Syriza og støttepartiet Sjølvstendepartiet må anten gi si støtte til danning av regjeringa eller bli med. Ei slik regjering ville mest truleg bli ei såkalla teknokratregjering, der ministrane er meir fagfolk enn politikarar.

Hellas har hatt fleire slike regjeringar tidlegare.

Germany Christian Democrats

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel håpar på at greske veljarar skal seie ja til kreditorane sine vilkår ved avrøystinga søndag.

Foto: Michael Sohn / Ap

Nokre tenestemenn i Syriza har sagt at dersom veljarane seier ja til kreditorane søndag, så kan han likevel bli sitjande og prøve å halde forhandlingane med kreditorane i gang i eit forsøk på å stabilisere den økonomiske situasjonen. Så snart økonomien er stabilisert, kan det lysast ut nyval.

Forbundskanslar Angela Merkel i Tyskland, den største kreditoren til Hellas, har sagt at ho er klar til å forhandle om ein ny krisepakke for Hellas. Men tyske politikarar er skeptiske til om det er mogleg å få til ei løysing før fristen for å betale avdraget på ECB-lånet, går ut 20. juli.

Dødt løp på målingane

Dei siste meiningsmålingane før folkerøystinga søndag viser eit svært tett løp mellom ja- og neisida. I ei måling frå ALCO, publisert i avisa Ethnos i, viser at 44,8 prosent seier dei vil røyste ja til kreditorane sine vilkår. 43,4 prosent seier dei vil røyste nei, medan 11,8 prosent ikkje har gjort seg opp ei meining.

Ei måling frå Bloomberg viser at ei knapp nei-leiing med 43 prosent, medan jasida får 42,5 prosent.

Det er spesielt at også den gresk-ortodokse kyrkja har kasta inn i valkampen. Overhovudet for kyrkja har oppmoda folk om å røyste ja til vilkåra frå kreditorane .

Professor i statsvitskap Nikos Marantzdis seier til Reuters at folkerøystinga har splitta det greske folket i to. På den eine sidan dei som verkeleg trur at framtida til hellas er utanfor eurosona og til og med EU, og på den andre sida dei som ser på folkerøystinga som ein forhandlingstaktikk.

I kveld har både neisida og jasida varsla store demonstrasjonar i sentrum av Aten.

Greske aviser er fulle av stoff om det føreståande valet.

Valet søndag dominerer fullstendig førstesidene på dei greske avisene, som er utstilte på ein kiosk i hovudstaden Aten fredag.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt