Hopp til innhold

Politiet fjerna tusenvis av demonstrantar

Spansk politi måtte i dag fjerne demonstrantar i sentrum av Madrid som hadde vore der sidan i går kveld. Aktivistar har samla seg i 80 spanske byar for å protestere mot urettferd.

Demonstrant blir fjerna frå Puerta del Sol i Madrid

FJERNA: Aktivistar som samla seg på Puerta del Sol i Madrid blei i morgontimane i dag fjerna etter å ha demonstrert heile natta.

Foto: PEDRO ARMESTRE / Afp

Demonstrantane på Puerta del Sol i sentrum av Madrid blei søndag morgon fjerna av politiet.

Demonstrantar blir fjerna frå Puerta del Sol i Madrid

HEILE NATTA: Etter å ha demonstrert heile natta i Madrid blei aktivstane fjerna av politiet i dag tidleg.

Foto: PEDRO ARMESTRE / Afp

Demonstrantane hadde tilbrakt natta på plassen trass i at politiet hadde bede dei om å fjerne seg innan klokka 22 laurdag kveld.

Døgnkontinuerleg demonstrasjon

Det var her rørsla «Dei indignerte» starta for eit år sidan. Då tok det fleire veker før politiet fjerna teltleiren som aktivistane etablerte. Rørsla har oppfordra til ein 96 timar lang kontinuerleg protest.

LES: Spania innfører flere kutt

LES: Frykter for franske småbutikkers fremtid

Demonstrantane protesterer mellom anna mot offentlege innstramingsvedtak og den høge arbeidsløysa i eurosona.

I framkant av demonstrasjonen varsla spanske myndigheiter at dei ikkje ville tillate at det blei etablerte ein ny teltleir på plassen Puerta del Sol slik det blei gjort i fjor vår.

Flagg og trommeslag

Demonstrasjonar i Spania

MOT URETTFERD: I over 80 spanske byar har det vore protestmarsjar som markerer eitt-års-dagen for ei rørsle som gav støyten til liknande protestar over heile verda i fjor.

Foto: ANDREA COMAS / Reuters

Det var her rørsla blei til, før den spreidde seg til ei rekkje andre europeiske land og USA. 2 000 politimenn blei sett ut for å halde demonstrantane i sjakk.

Gatene var fulle i sentrum av den spanske hovudstaden då aktivistar frå fleire nabolag i byen samla seg på plassen.

Folk vaia med flagg og ropte til trommeslag: «Dei seier at det er demokrati, men det er det ikkje».

LES: Spanias svarte arbeidsmarked

Demonstrasjonen laurdag var starten på ein fire dagar lang protest mot usosiale budsjettkutt, finansnæringa og den skyhøge arbeidsløysa. Aksjonen vert avslutta 15. mai, nøyaktig eitt år etter at protestane starta.

Har meir å protestere mot no

Sidan sist har spanjolane fått endå meir å protestere mot.

Landet er i resesjon, arbeidsløysa har stege til 24.4 prosent generelt og 52 prosent blant ungdom. Så langt i år har regjeringa kutta budsjettet med 230 millionar kroner.

Politiet brukte berre nokre minutt på å fjerne dei fleire hundre aktivistane som framleis var på Puerta del Sol søndag morgon, ifølgje augevitner.

LES: – Spania kan være på vei mot finanskrise i 2013

I Madrid rekner politiet at 30 000 menneske deltok, medan 45 000 møtte fram i Barcelona. Ifølgje arrangørane deltok heile 220 000 menneske i Barcelona.

LES: – De sosiale skillene i Spania blir større