Hopp til innhold

Demonstrantar utfordrar soldatane i Bangkok

Motstandarar av militærkuppet i Thailand har samla seg ved Fridomsmonumentet i sentrum av Bangkok. Politiet og hæren har mobilisert store mannsskapar, men har enno ikkje gripe inn, melder NRKs Anders Magnus, som er på staden.

Magnus standup fra Bangkok

VIDEO: Rapport frå Bangkok.

Magnus kan fortelje at stadig fleire menneske sluttar seg til demonstrantane, trass i at kuppmakarane har forbode alle demonstrasjonar og menneskemengder der meir enn fem er samla.

Politiet står i første rekkje mot demonstrantane, men det er ei buffersone mellom dei to gruppene. Bak politiet står væpna soldatar, som ser ut til å vere klare til å rykkje inn på kort varsel.

LES OGSÅ: Beretningen om et varslet kupp

Bryt forbodet

Bangkok: En demonstrant blir boren bort av soldatar.

Soldatar ber bort ein demonstrant i sentrum av Bangkok i ettermiddag.

Foto: ERIK DE CASTRO / Reuters

Det store spørsmålet er, seier Anders Magnus, kor lenge politiet og hæren vil tillate demonstrantane å halde på. Påbodet om å ikkje demonstrere er definitivt brote, men førebels får demonstrantane halde seg ved Fridomsmonumentet.

Det er no ein spent stemning i sentrum av Bangkok, med demonstrantane på eine sida, demonstrantane på den andre, og så ei nøytral sone midt i mellom.

Det er hittil ikkje meldt om arrestasjonar i den thailandske hovudstaden, men den engelskspråklege avisa Bangkok Post melder at hæren har arrestert 23 tilhengjarar av Raudskjortene i Khon Kaen. Det vart også teke beslag i ein del våpen, blir det opplyst.

LES OGSÅ: USA åtvarar mot reiser til Thailand

LES OGSÅ: Kuppet lever også på Facebook

Senatet oppløyst

Nytt i dag er at kuppmakarane, som blir leidd av forsvarssjef Prayuth Chan-ocha, også har oppløyst nasjonalforsamlinga. Dermed overtek militærjuntaen også den lovgivande delen av det thailandske maktapparatet.

I ei fråsegn frå hæren heiter det at alle lover som krev godkjenning av parlamentet eller Senatet, vil i staden bli godkjende av leiaren for militærjuntaen. Tidlegare har kuppmakarane gjort det klart at dei har sett grunnlova til side, bortsett frå den delen av lova som handlar om kongehuset.

Forsvarssjef Prayuth Chan-ocha har sagt at det var heilt naudsynt å gjennomføre kuppet for å gjenopprette ro og orden i landet. Kuppet er det siste av ei rekkje militærkupp i Thailand dei siste tiåra.

LES OGSÅ: De vil bøye seg for overmakten

LES OGSÅ: De fleste i Bangkok støtter militærkuppet

SISTE NYTT

Siste nytt