Hopp til innhold

Då helvete kom til Bhopal

Det er 25 år sidan giftkatastrofen i Bhopal i India. Offera og familiane deira kjempar framleis for å få erstatning.

Video nsps_upload_2009_12_2_17_6_13_419.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Sjå dei dramatiske bileta.

Natt til 3. desember 1984 gjekk alarmen ved det amerikanskeigde selskapet Union Carbide sin plantegiftfabrikk i Bhopal i det sentrale India.

Det strøymde ut giftig gass frå ein tank, og minst 3800 menneske døydde straks etter lekkasjen og i dei nærmaste dagane.

Men katastrofen hadde eit enda større omfang.

Plantevernmiddel

Blind mor og pyskisk utviklingshemma dotter, begge er offer for Bhopal-katastrofen.

Blind mor og pyskisk utviklingshemma dotter, begge er offer for Bhopal-katastrofen.

Foto: Altaf Qadri / Scanpix/AP

Indiske styresmakter opplyser at minst 15.000 meneske døydde som følgje av ulukka, medan over 100.000 menneske har fått kroniske lidingar i ettertid.

Gassen som lak ut vart brukt i produksjonen av plantvernmiddel. Gassen var billeg å produsere, og vart lagra i store mengder på industriområdet.

Undersøkingar etter katastrofen har slått fast at tryggingsrutinane for lagring av giftstoff hadde store manglar.

Union Carbide sa på si side at ulukke måtte ha vore eit resultat av sabotasje.

Samde om erstatning

Grunnvatnet er framleis giftig i Bhopal.

Grunnvatnet er framleis giftig i Bhopal.

Foto: Scanpix/Reuters

Etter fleire år med forhandlingar vart Union Carbide og den indiske staten samde om ei erstatning på 470 millionar dollar, mot at Union Carbide skulle sleppe å bli straffa.

Pengane skulle gå til overlevande og familiar som hadde mist nokon i katastrofen. Men mange har ikkje fått erstatning i det heile teke.

Mange av offera var fattige analfabetar, og det var ikkje mogleg for dei å leige advokat eller betale ein lege for å få dokumentert skadane sine. Og mange opplever at dei ikkje fekk den minste forståing eller hjelp i det indiske statsapparatet.

Internasjonal kampanje for rettferd i Bhopal

Rot i byråkartiet

84 år gamle Tarabai overlevde katastrofen for 25 år sidan.

84 år gamle Tarabai overlevde katastrofen for 25 år sidan.

Foto: Indranil Mukherjee / Scanpix/AFP

Årsaka til dette er blant anna eit tungrodd byråkrati og korrupsjon. Det var offentlege tenestemenn som avviste erstatningskrav fordi namnet på offera var stava feil, seier internasjonal koordinator Rachna Dingra i Den internasjonale kampanjen for rettferd i Bhopal (ICJB).

I tillegg til den katastrofale lekkasjen, blir Union Carbide skulda for å ha dumpa meir enn 350 tonn giftig avfall rundt fabrikkområdet. Dette gjer at folk også i dag blir forgifta i nærområdet til den gamle fabrikken.

Satinath Sarangi i Bhopal-gruppa for informasjon og aksjon fortel at det kjemiske avfallet er fullt av tungmetall og det kreftframkallande stoffet karsinogen .

- Dette fører til kreft, medfødde misdanningar og andre sjukdomar, seier Sarangi, som krev at indiske styresmakter ryddar opp.

Amnesty Internationals rapport om Bhopal-skadar

Oppkjøpt av Dow Chemicals

Offera frå Bhopal-katastrofen blir minna kvart år 3. desember.

Lokale innbyggjarar i Bhopal har tent lys for offera.

Foto: Reinhard Krause / Scanpix/Reuters

Opprinneleg kravde indiske styresmakter 3,3 milliardar dollar i erstatning. Union Carbide vart oppkjøpt av selskapet Dow Chemicals i 1999.

Dei lokale styresmaktene i Bhopal ville likevel at den dåverande sjefen for Union Carbide, Warren Anderson, skulle dømmast som kriminell. I 1991 vart han tiltalt for drap.

Anderson bur i USA, og det er ingen internasjonal eller amerikansk arrestordre på han. Så seint som i juli i år vart ein det utlyst ein arrestordre på Anderson ved ein domstol i Bhopal, men saka er ikkje fylgd opp av sentrale indiske styresmakter.

Union Carbide si side om Bhopal

The Yes Men

Arkivbilete av Warren Anderson

Arkivbilete av Warren Anderson frå 1984.

Foto: Ron Frehm / Scanpix/AP

For fem år sidan, 20 år etter ulukka, kom det ei overraskande nyheit på alle dei internasjonale byråa om at den nye eigaren av Union Carbide, Dow Chemicals, hadde gått med på å betale ut erstatning til alle som var ramma av giftkatastrofen i Bhopal.

Kjelda for opplysningane var eit intervju på BBC. Men det viste seg at mannen som gav seg ut for å vere talsmann for Dow Chimicals var Andy Bichlbaum frå den vidgjetne aksjonsgruppa The Yes Men .

Sjå stuntet til The Yes Men på BBC (You Tube)

Dei har køyrt ei rad slike stunt også tidlegare, og det vart ein kraftig oppvask i BBC etter intervjuet.

Dow Chemicals gjekk raskt ut med ein dementi.

Både Rampyari (80) og sonen Bhawarlal er offer for Bhopal-katastrofen

Både Rampyari (80) og sonen Bhawarlal er offer for Bhopal-katastrofen.

Foto: Reinhard Krause / Scanpix/Reuters

Manglande ansvar

Det er fleire aksjonsgrupper som arbeider for offera etter Bhopal-katastrofen. Felles for alle er at dei meiner at korkje Union Carbide, Dow Chemical eller indiske styresmakter har teke ansvar for det som skjedde.

Årsdagen for katastrofen har vorte markert i Bhopal kvart år sidan 1985. Det blir brukt sterke verkemiddel, blant anna har dukker som førestiller Warren Anderson vorte brende.

Det er også demonstrasjonar andre stader i verda, også i fleire europeiske land.

Eitt av dei mange offera er Lacchio Bai, som vart blind etter giftutsleppet. Ho er ikkje i stand til å arbeide, og ho bur i ei ussel platehytte med jordgolv.

- Folk kom og sa at vi kunne få erstatning. Dei skreiv ned namna våre, men vi fekk aldri ein penny, seier mannen hennar, Laxmi Narayan.

Video nsps_upload_2009_12_2_15_56_34_408.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Demonstrasjonar til støtte for Bhopal-offera fleire stader.

Fabrikken i Bhopal står som eit monument over katastrofen for 25 år sidan.

Fabrikken i Bhopal står som eit monument over katastrofen for 25 år sidan.

Foto: Indranil Mukherjee / Scanpix/AFP
Gifttflasker står framleis synleg på fabrikkområdet

Gifttflasker står framleis synleg på fabrikkområdet.

Foto: Richard Krause / Scanpix/Reuters

LES OGSÅ: BBC lurt trill rundt

LES OGSÅ: Union Carbide-sjef oppsporet

LES OGSÅ: 20 år sidan Bhopal-tragedien

SISTE NYTT

Siste nytt