Utspelet frå 89-åringen kjem dagen før utanriksminister i USA, John Kerry, sitt historiske besøk på Cuba.
Fidel Castro leia Cuba frå revolusjonen i 1959 til han overlét makta til sin då 77 år gamle veslebror Raul i 2008.
Normaliserer
Kerry er den første amerikanske statsråden som set sin fot i Havanna sidan 1945, og skal gjenopne ei symboltung flaggheising ved USA si gjenopna ambassade. Sist det amerikanske flagget vaia over bygget var 4. januar 1961, då USA braut alle band med det kommunistiske landet.
Etter lang tid med forhandlingar kunngjorde USA og Cuba i desember i fjor at dei ville arbeide for å normalisere forholdet, og i april møttest Barack Obama og Raúl Castro til samtalar.
29. mai 2015 fjerna amerikanarane Cuba frå si liste over statar som tilsynelatande skal støtte terrorisme, og 1. juli kunngjorde Obama at dei diplomatiske banda skulle gjenopprettast.
Rett på kompensasjon
Fidel Castro har følgt det heile frå sidelinja, men nyttar høvet ved Kerry sitt besøk til å minne om kva USA si over 50 år lange blokade har kosta cubanarane.
– Cuba har rett på kompensasjon som svarar til det vi har tapt. Dette dreier seg om mange millionar dollar, noko vi i alle talar i FN har argumentert for og lagt fram dokumentasjon på, skriv Castro i eit essay som står på trykk i fleire cubanske aviser.
Castro går ikkje i detalj på kva han meiner USA skuldar Cuba, og han nemner heller ikkje det storfine besøket.
USA på si side krev erstatning frå Cuba for amerikanskeigde eigedommar og andre verdiar som vart beslaglagt etter revolusjonen i 1959.