Hopp til innhold

Camorra-topp arrestert i Napoli

Cesare Pegano, ein av dei mektigaste klanleiarane i Camorra-mafiaen i Napoli, vart arrestert av italiensk politi i dag tidleg.

Video Camorra-topp arrestert i Napoli

Cesare Pagano vart arrestert i Napoli torsdag morgon. Foto: Roberto Alomone, AFP. Video: RAI

Pagano er på topp 30-lista over dei farlegaste etterlyste i Italia, og han har vore på flukt sidan i fjor. Han vart pågripen etter at politiet omringa ein strandvilla i det nordlege Napoli, der han oppheldt seg saman med to livvakter.

Cesare Pagano har vore på topp 30-lista over farlege kriminelle i Italia.

Cesare Pagano er på topp 30-lista over farlege kriminelle i Italia.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Han var iført ei t-skjorte med bilete av den avlidne skodespelaren Steve McQueen, kjend frå fleire klassiske kriminalfilmar.

LES OGSÅ: Casalesi-boss arrestert

LES OGSÅ: Mafiaboss på rømmen i 15 år

Skaut i lufta

Politiet skaut i lufta då dei gjekk inn i villaen, men sjølve pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Den etterlyste mafiabossen prøvde å flykte, slik han gjorde sist politiet var i helane på han i 2009, men denne gongen kom han seg ikkje unna.

Cesare Pegano (42) er leiaren for Amato-Pagano-klanen, som er den mektigaste familieklanen i Camorraen som oprererer i det sentrale Napoli-området.

Klanen var i 2004 og 2005 i krig med den rivaliserande Di Lauro-klanen, og 70 menneske vart drepne i denne interne maktkampen.

Amato-Pagano gjekk sigrande ut av krigen, og det gjorde at dei fekk full kontroll over narkotikatrafikken i dei fattige bydelane Scampia og Secondigliano i Napoli.

Desse bydelane har vorte rekna som dei enkeltområda som har gitt størst. inntekter til mafiaen gjennom narkotikatrafikken.

LES OGSÅ: Mafiaen ville sikre frukt-monopol

LES OGSÅ: - ETA finansierer terror med kokain

- Farlegast i Camorraen

Den lokale politisjefen, Vitorio Pisani, sa til italiensk fjernsyn tidlegare i dag at Amato-Pegato-klanen er den farlegaste i Camorraen, også frå eit militært synspunkt.

Cesare Pegano var ettersøkt for drap, for kontakt med mafiaen og for narkotikabrotsverk.

Innanriksminister Roberto Maroni kallar pågripinga av Cesare Pegano for endå ein viktig siger i kampen mot organisert kriminalitet.

Justisminister Angelino Alfano kallar arrestasjonen for eit nytt, hardt slag mot La Camorra.

Regjeringa til statsminister Silvio Berlusconi har gjort kampen mot organisert kriminalitet til ei høgt prioritert oppgåve.

Politifolk undersøkjer huset der Cesare Pagano oppheldt seg.

Politifolk undersøkjer huset der Cesare Pagano oppheldt seg.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

LES OGSÅ: Storaksjon mot mafiaen på Sicilia

LES OGSÅ: Mafia-boss tatt i Napoli

SISTE NYTT

Siste nytt