Hopp til innhold

Burmesisk AIDS-klinikk må stengja etter Suu Kyi-visitt

Burmesiske styresmakter set kroken på døra for ein AIDS-klinikk etter at den onsdag vart besøkt av menneskerettsaktivisten Aung San Suu Kyi.

Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi trøystar HIV-pasientar på ein privat AIDS-klinikk i Burma. Same dagen fekk klinikken pålegg av militærjuntaen om å leggja ned verksemda si.

Foto: Khin Maung Win / Ap

Den burmesiske Nobelprisvinnaren (1991) og menneskerettsaktivisten Aung San Suu Kyi vart nyleg sleppt fri frå ein sju år lang husarrest i heimlandet.

Ein av dei første plassane ho besøkte etter å ha fått tilbake fridomen sin, var ein AIDS-klinikk i utkanten av den burmesiske hovudstaden Yangon. Ifølgje direktøren for klinikken, Yazar, møtte fleire tusen menneske opp utanfor for å hylla den folkekjære aktivisten.

Same dagen som Suu Kyi avla sin visitt, skal lokale tenestemenn ha kome til klinikken og gjeve ordre om å avvikla verksemda innan ei veke, melder CNN.

– Skuldar på naboklagar

– Me har motteke slike trugsmål frå styresmaktene før, men denne gongen var åtvaringa mykje skarpare og svært alvorsprega, seier direktøren for klinikken som har om lag 80 AIDS-pasientar inne til behandling.

Lokale styresmakter legg naboklagar til grunn for ordren, og seier det ikkje er føremålstenleg å driva eit slikt tiltak i eit travelt bustadområde.

Då Yazar bad om å få sjå klagebreva, blei han nekta dette.

– Me er uroa, fordi styresmaktene har gjeve oss frist fram til den 25. november på å flytta ut av lokala våre, seier direktøren til CNN.

Pasientane nekta opphaldsløyve

Aung San Suu Kyi

Demokratiforkjemparen Aung San Suu Kyi har sete i husarrest i rundt 15 av dei siste 21 åra.

Foto: SUKREE SUKPLANG / Reuters

Burmesiske borgarar må søkja om løyve til å busetja seg utanfor området der dei vart fødde. Lokale styresmakter har no gjeve avslag på dei 80 pasientane sine søknader om opphaldsløyve i Dangon, der klinikken held til.

Ordren om å stengja ned behandlingssenteret kjem frå øverste hald i militærjuntaen som styrer landet, seier Yazar til CNN.

Fredag kom tenestemenn frå helsedepartementet til klinikken for å informera om at verksemda må avviklast, og pasientane må overførast til eit statleg styrt AIDS-senter, ifølgje direktøren.

Den private AIDS-klinikken opna i 2002 og har haldt til i dei same lokala dei fem siste åra.

Det burmesiske helsedepartementet har ikkje svart på CNN sine førespurnader om å få ein kommentar i saka.

SISTE NYTT

Siste nytt