Cola mot tåregass i Egypt - Aktivistane i Egypt har lært av demonstrantane i Tunisia, og smører seg inn med cola for å verna seg mot politiet sin tåregass.Al Jazeera

Aktivistane i Egypt har lært av demonstrantane i Tunisia, og smører seg inn med cola for å verna seg mot politiet sin tåregass.

Foto: Al Jazeera

Egyptiske demonstrantar dynkar seg med cola

Demonstrantane i Egypt får tips frå sine støttespelarar i Tunisia om å hella cola over andleta sine for å beskytta seg mot politiet sin tåregass.

Medan innbyggjarane i Egypt framleis kjempar ein innbitt kamp for å styrta president Hosni Mubarak, har aktivistane i Tunisia langt på veg lukkast med å få til ei regimeendring.

No deler tunisarane erfaringar og tips for å hjelpa sine brødre i Egypt.

– Cola nøytraliserer gassen

På nettbaserte diskusjonsforum florerer det med tips, triks og kjerringråd som skal hjelpa mot opprørspolitiet sine mange metodar for å få has på uregjerlege aktivistar, opplyser den arabiske nyheitskringkastaren Al Jazeera.

Å gni andletet inn med leskedrikken cola, skal blant anna gje effektivt vern mot tåregass.

Tåregass er eit sterkt irriterande stoff som blant anna vert nytta til opprørskontroll. Om ein vert eksponert for tåregass, vil ein oppleva rennande auge, ei brennande kjensle på huda og irritasjon i slimhinner i nase og hals.

Ifølgje dei tunisiske aktivistane kan ein unngå dette ved hjelp av cola, fordi den syrlege drikken verkar nøytraliserande på gassen.

Video 4b4452eb-29a7-49e0-97d9-b088dfbb52a8.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

Demonstrantar gnir seg inn med cola for å beskytta seg mot opprørspolitiet sin tåregass.

Elektronisk manifest

Cola-trikset er også nemnt i det elektroniske manifestet som no sirkulerer på e-post blant egyptiske aktivistar.

– I tillegg til å stilla krav om regimeendring, inneheld manifestet praktisk informasjon til demonstrantane. Å nytta cola mot tåregass er openbart ein ting dei har lært av sine støttespelarar i Tunisia, fortel Global Post-korrespondent Jon Jensen.

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Norsk film fra 2010.
Vibeke Løkkebergs film skildrer desperasjonen og maktesløsheten som Israels bombing av Gaza vinteren 2008-09 førte til blant befolkningen. Filmen er basert på billedmateriale tatt av befolkningen selv inne i Gaza mens krigen pågikk. Vi er vitne til handlinger vi tidligere bare har kunnet forestille oss.
Br. dokumentar. Unge afghanske jenter blir utnyttet på det grusomste av narkotikabander knyttet til Taliban. Bøndene dyrker opium mot å få lån av bandene til avlingene sine. Når myndighetene brenner ned plantene, kommer bøndene i en tvangssituasjon. De må selge døtrene sine for å betale gjelden til bandene. (Opium Brides)
Br. dokumentar. Hvem er hun egentlig, denne karismatiske, sjarmerende eks-hockey-mammaen? For å finne det ut har Nick Broomfield kjempet seg gjennom isende kulde i Alaska og lett etter venner, fiender og kolleger som kan sette ham på sporet. (Sarah Palin: You Betcha!)