Hopp til innhold

Britisk presse: – Skamlaus og egoistisk framferd av Frankrike

– Familiar får feriane sine ruinerte av galskapen, skriv Daily Mail i ein kommentar. Flyktningane ved Calais har skapt sinte kommentarar i britisk presse, som meiner Frankrike opptrer uansvarleg.

TOPSHOTS-FRANCE-BRITAIN-EUROPE-MIGRANTS

Fransk militærpoliti prøver å stanse flyktningar som vil ta seg bort til terminalen kor lastebilane står klare til å kome seg over til Storbritannia.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

På leiarplass i britiske aviser er det sterke meiningar om dei mange flyktningane som forsøker å komme seg frå Frankrike til Storbritannia.

– Familieferiar og lokalt næringsliv taper

Og franske styresmakter får hard medfart.

– Frankrike kan ikkje halde fram med å unngå sine eigne problem og sende dei vidare til Storbritannia, skriv den britiske avisa The Telegraph i ein kommentar.

– Det er på tide å få slutt på denne migrasjonsgalskapen, rasar Daily Mail.

Avisa følger opp med å seie at familiar får øydelagd feriane sine, som dei har spart til lenge. Og at folk knapt kan kome seg bort frå heimane sine på grunn av vegar som er stengde og gjerde som er sette opp.

EUROPE-MIGRANTS-BRITAIN-FRANCE

Det står lastebilar i lange køar for å komme seg over Den engelske kanal. Mykje av trafikken vert hindra av at flyktningar prøver å kome seg opp på lastebilane som blindpassasjerar. Lokalt næringsliv tapar millionar av kroner.

Foto: JACK TAYLOR / Afp

Eksporten er også skadelidande, hevdar Daily Mail, som skriv at næringslivet i Kent-regionen taper 19 millionar kroner dagleg på hindringane som flyktningstraumen skaper.

– Vinkar flyktningane skamlaust vidare

Avisa skriv at tonnevis av mat må kastast fordi flyktningar har tatt seg inn i lasten på lastebilane, og at godstrafikken blir ståande stille på kaia i England fordi trafikken vert hindra.

Daily Mail meiner ballen ligg hos Frankrike.

– Franskmennene – som oppfører seg like uansvarlege som italienarane – vinkar flyktningane skamlaust vidare mot Storbritannia, utan å ta fingeravtrykk, og når dei oppdagar blindpassasjerar, så slipper dei laus etter få minutt, skriv avisa.

Daily Mail meiner også at deira eigne styresmakter er for svake i kritikken mot Frankrike.

The Guardian er derimot litt meir nyanserte, og meiner at ingen land i EU kan få skulda åleine for det som skjer i Syria, Afghanistan og Afrika.

Luftfotografi av leir utenfor Calais

Det er fleire flyktningleiarar ved Calais, her er den eine fotografert frå lufta.

Foto: Pascal Rossignol / Reuters

Ber terminaleigarane gjere meir

Den britiske statsministeren, David Cameron, har ytra uro for det som skjer i Calais og kallar situasjonen for uakseptabel. Både Storbritannia og Frankrike har skjerpa tryggleiken på begge sider av kanalen.

Frankrikes innanriksminister, Bernard Cazeneuve, var seinast tysdag i London for å diskutere situasjonen, og Frankrike seier at dei vil sende 120 ekstra politifolk til terminalområdet i Calais.

Samstundes seier Cazeneuve at selskapet som driv terminalen også må ta ansvar, og peiker til at to tredjedelar av tryggingspersonellet er sagt opp dei siste åra.

Mange meiner Calais er eit døme på ein mislukka flyktningpolitikk i heile EU. Mange av dei som no oppheld seg i Calais har kome opp gjennom Europa, med Storbritannia som mål, og kan vandre fritt rundt på grunn av Schengen-samarbeidet som fører til at menneske kan reise meir eller mindre fritt rundt i EU, så sant dei har passert Schengen-kontrollen.

SISTE NYTT

Siste nytt