Hopp til innhold

Britisk femåring sett fri

Ein fem år gammal britisk gut, som vart bortført medan han var på ferie i Pakistan, er sett fri, opplyser den britiske ambassaden i Islamabad.

Slektningar feirar at femåringen er sett fri.

Stor glede i familien etter at femåringen vart sett fri.

Foto: Aamir Qureshi / Scanpix/AFP

Sahil Saeed

Sahil Saeed, som vart bortført 4. mars, er sett fri.

Foto: Scanpix/AP

Sahil Saeed vart bortført frå huset til bestemora i byen Jhelum, rundt 100 km sør for hovudstaden Islamabad, 4. mars. Familien er busett i Oldham i England.

Det har vore spekulert i om ein slektning av guten har stått bak bortføringa, men dette er ikkje stadfesta.

100.000 pund

Kidnapparane kravde 100.000 pund i løysepengar, noko familien sa dei ikkje hadde råd til å betale.

Det var fleire væpna menn som heldt heile familien som gislar i fleire timar. Dei stal med seg alt av verdisaker i huset og tok med seg guten. Seinare kom det krav om løysepengar.

Det er førebels uklart om det er betalt ut pengar til kidnapparane. Omstenda rundt frigjevinga av guten er også uklare

Godt samarbeid

Den britiske ambassadøren, Adam Thomson, seier i ei fråsegn at det har vore eit godt samarbeid mellom britiske og pakistanske styresmakter i denne saka, og han takkar politiet i Jhelum for innsatsen dei har lagt ned for å sikre at guten er sett fri.

Mor til femåringen oppheldt seg heime i Oldham då sonen vart bortført.

- Vi anar ikkje kvifor vi har blitt utsette for dette, vi har ikkje pengar. Det er ikkje mogleg for oss å skaffe pengane, det er ingenting vi kan gjere, sa ho til britisk presse den gongen.

LES OGSÅ: Britisk femåring bortført i Pakistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt