Hopp til innhold

Boko Haram-frykt også i Niger, Tsjad og Kamerun

Boko Harams veks seg stadig sterkare. I dag angreip gruppa ein kamerunsk militærbase. Gruppa tapte stort, men frykta for Boko Haram veks likevel i heile regionen.

NIGERIA-UNREST-BORNO-FILES

Soldatar patruljerer gatene i byen Baga i april 2013. No er alle soldatane borte og Boko Haram har tatt over byen. Niger og Tsjad vil ikkje sende nye soldatar til byen før Boko Haram er borte.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

Det var harde kampar ved militærbasen i byen Kolofata i Nord-Kamerun i dag. Boko Haram-soldatar gjekk nok ei gong til angrep mot kamerunske soldatar, men vart etter kvart slått tilbake.

Så mange som 143 Boko Haram-soldatar skal ha mista liva etter kampar med den kamerunesiske hær. Det seier hæren sjølve til nyheitsbyrået AFP.

ICOAST-FRANCE-ATTACKS-CHARLIE-HEBDO-DEMO

Eg er Charlie. Gløym ikkje ofra til Boko Haram, står det på plakaten som vart vist under ei markering i Abidjan i Elfenbeinskysten.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

– Kampane var intense, men dei vart pusha tilbake. Me påførte dei tap, medan ingen menneskeliv gjekk tapt på vår side, seier ein talsmann for hæren.

Annonserte angrep på Youtube

Fleire av byens innbyggjarar flykta då angrepa starta, men ingen sivile skal ha blitt drepne denne gongen. Men byen har blitt angripe fleire gonger før. Mellom anna i juli då fleire vart drepne og 27 stykkar kidnappa. Ei av dei kidnappa var kona til Kameruns visestatsminister, som vart halden som gissel i fleire veker.

Dagens angrep kjem berre dagar etter at Boko Harams leiar, Abubakar Shekau, annonserte eit angrep mot byen i ein video på Youtube.

(Saka held fram under biletet)

NIGERIA-UNREST-RELIGION

Fire vart drepne, og mange skadde under eit bombeangrep i Potiskum søndag.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Då truga Shekau med å gjennomføre angrep med fly som gruppa skal ha fått tak i då dei angreip ein militærbase i desember.

No ber Kamerun om hjelp utanfrå. Dei meiner gruppa er ein global trugsel, og ber om at også responsen blir global.

– Sjølv om fienden vert svekka av tapa den går på, så er den i stand til å gjere comeback, sa president Paul Biya for få dagar sidan, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Tsjad og Niger vil ikkje bidra lengre

Den siste tida har kampane særleg stått om byen Baga, på grensa til Tsjad. I denne byen har soldatar frå Tsjad og Niger budd på ein militærbase.

Holmås og Bazoum

Utanriksminister i Niger, her saman med SVs Heikki Holmås i 2013, vil ikkje sende soldatar tilbake at til Baga i Nigeria.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Etter at militærbasen i førre veke vart teken av Boko Haram har styresmaktene i Niger sagt at dei ikkje er interesserte i å ha soldatar ved basen, så lenge ikkje Nigeria vinn tilbake kontrollen over byen. Også Tsjad har trekt tilbake sine soldatar.

– Baga er under kontroll av Boko Haram, og så lenge byen ikkje blir vunnen tilbake frå dei, så vil ikkje me sende våre soldatar dit. Men me er framleis bestemte på å jobbe saman med våre naboar Kamerun, Tsjad og Nigeria for å betre situasjonen som er problematisk for oss alle, sa utanriksministeren i Niger, Mohamed Bazoum til BBC.

Nigeria byrjar også snakke om intervensjon

At nabolanda no trekk seg vert sett på som eit stort tap for Nigeria. I dag gjekk dei også til det skrittet å byrje å snakke om ein internasjonal intervensjon, noko som sit langt inne for stormakta Nigeria.

– Angrepa på byen (Baga journ. anm.) av blodhundane og deira handlingar sidan 3. januar 2015 burde overtyde alle velmeinande folk i verda at Boko Haram er vondskap som alle må jobbe saman mot, seier talsmann for Nigerias forsvar Chris Olukolade ifølgje The Africa Report.

Boko Haram

SISTE NYTT

Siste nytt