Hopp til innhold

Blodige angrep frå begge sider i Nigeria

100 menneske, dei fleste sivile, vart drepne då Boko Haram angreip ein landsby i Kamerun i dag. Samstundes har styrker frå Tsjad kryssa grensa til Nigeria og angripe gruppa der.

CHAD-NIGERIA-UNREST-CAMEROON

Tsjadiske soldatar er i full kamp med Boko Haram. Her er dei avbilda i Gamboru, der kampane har vore særs harde det siste døgnet.

Foto: MARLE / Afp

Det brygger opp til krig mellom terrorgruppa Boko Haram og styrker frå fleire ulike land i regionen. I førre veke vedtok Den afrikanske union (AU) å opprette ei multinasjonal styrke på 7.500 soldatar, og dei første er allereie på plass på slagmarka.

NIGERIA-CHAD-UNREST

Boko Haram-soldatar har kasta frå seg motorsyklane før dei la på sprang. Biletet er frå Gamboru, Nigeria.

Foto: STEPHANE YAS / Afp

– 200 Boko Haram-soldatar drepne

Tsjad har sendt 2.500 soldatar til Kamerun, og i går kryssa desse styrkane grensa inn til Nigeria. I dag kom hæren sjølv med meldingar om at meir enn 200 Boko Haram-soldatar skal ha blitt drepne i eit angrep nær den kamerunske grensa. Også ni tsjadiske soldatar skal ha mista liva i kampane.

Men det skjer også angrep andre vegen. Boko Haram skal ha drepe 70 sivile i eit angrep på grensebyen Fotokol, som ligg mellom Kamerun og Nigeria.

– Det er mange drepne sivile. Talet på døde soldatar er seks, seier ei kjelde i det tsjadiske militæret til nyheitsbyrået AFP, og legg til at det også ligg drepne Boko Haram-soldatar «overalt» etter kampane.

Tala på drepne er ikkje stadfesta av andre kjelder, då Boko Haram aldri uttaler seg til media, og få journalistar finn seg i området.

– Nigerias suverenitet er teken vare på

Tsjad sine styrker kjem i tillegg til Nigerias eigne militære styrker, som lenge har forsøkt å stoppe Boko Haram, utan hell.

Stillbilde fra Boko Haram-video 31. oktober 2014

Eit av få bilete som er tilgjengeleg av Boko Haram. Terrorgruppa står ansvarlege for tusenvis av drap, kidnappingar og grove overgrep mot folket i Nord-Nigeria.

Foto: Afp

Nigeria, som er Afrikas mest folkerike land og største økonomi, har stor nasjonal stoltheit. Landet har lenge sagt at dei skal løyse konflikten med Boko Haram åleine, og har ikkje ønskja at andre land skal blande seg inn.

Men etter at Boko Haram også har starta å angripe inne i Kamerun, og etter at AU i førre veke vedtok å opprette ein styrke, så har Nigeria gått med på at også andre land tek opp kampen mot Boko Haram.

– At tsjadiske styrker er inne på Nigerias jord går ikkje på kompromiss med landets suverenitet, forsikra ein talsmann for den militære leiinga i Nigeria i går, etter at Tsjad hadde kryssa grensa til Nigeria med soldatar.

Kampane i Nord-Nigeria vil halde fram, og også soldatar frå Kamerun, Niger og Benin er planlagd å bidra i den regionale styrken, i tillegg til soldatane frå Tsjad som allereie er i nærkampar med Boko Haram.

Kamerun Boko Haram

SISTE NYTT

Siste nytt