Medellin igjen prega av narko-drap

Den colombianske byen Medellin har dei siste åra gått gjennom ei positiv utvikling der talet på drap har gått ned med 80 prosent. Men no flyt blodet i gatene i byen igjen.

Diego Murillo melde seg sjølv i 2005.

Diego Murillo var leiar for det såkalla «Envigado-kontoret» i Medellin, før han vart fengsla.

Foto: FREDY AMARILES / AFP

Colombia har hausta internasjonale lovord for oppgjeret med dei illgjetne narkotikakartella og dei paramilitære gruppene som har herja landet.

Gigant-beslag av kokain i Medellin i juni 2011.

Ein politimann ser på eit gigantisk kokainbeslag i Medellin i juni i fjor.

Foto: Luis Benavides / Ap

Den venstreorienterte Farc-geriljaen blir pressa stadig djupare inn i jungelen, dei høgreorienterte militsgruppene er oppløyste og mange av dei mektigaste narkobaronane er pågripne og dømde.

LES OGSÅ: Kokain, gerilja og Shakira

– Colombia eit føredøme

Amerikanske politikarar, som tidlegare sjef for Verdsbanken Paul Wolfowitz, har nemnt Colombia som eit føredøme for andre land som slit med mektige narkokartell, som Afghanistan og Mexico.

Medellin vart ein gong kalla «dødens by» på grunn av alle drapa. Så gjekk drapsraten ned med 80 prosent i løpet av fire år, og i 2007 var drapsraten lågare enn på lenge, rundt 34 drap pr. 100.000 menneske.

Den britiske avisa The Guardian melder no at årsaka til den positive utviklinga i talet på drap i Medellin i stor grad skuldast at ei enkelt gruppe hadde kontroll over narkotikatrafikken og dermed underverda.

Pablo Escobar var i mange år den mektigaste narkobaronen i Colombia.

Pablo Escobar, som i mange år var den mektigaste markobaronen i Colombia, vart drepen i 1993.

Foto: AP

Diego Murillo, også kjend som Don Berna, var leiar for det såkalla «Envigado-kontoret», eit kartell som opphavleg var ein del av det mektige narkoimperiet til Pablo Escobar.

Tok over etter Escobar

Etter at Escobar vart drepen i 1993 tok Murillo over kontrollen av det som vart kalla Medellin-kartellet, og sidan har han gjort organisasjonen endå større og sterkare innanfor narkotika.

Organisasjonen går i daglegtale under namnet «Kontoret». Journalisten Alfredo Serrano skriv dette i boka si om «Envigado-kontoret»:

«Når nokon blir drepen, så seier folk at dei hadde hamna på feil side av «Kontoret», som om denne kriminelle organisasjonen var herre over liv og død».

Diego Murillo overgav seg til colombianske styresmakter i 2005 som del av ein fredsprosess med høgreorienterte paramilitære grupper. Han vart skulda for å halde fram med å styre organisasjonen frå fengselet. Han vart seinare utvist frå Colombia til USA, der han sonar ein dom på 31 års fengsel for narkotikasmugling.

Blodig maktkamp

Talet på drap i Medellin er igjen aukande.

Eit nytt offer for narkokrigen i Colombia har kome til likhuset i Medellin.

Foto: ALBEIRO LOPERA / REUTERS

Amerikanske og colombianske styresmakter trudde, med Diego Murillo bak lås og slå, at det skulle bli mogleg å få slutt på krigen mellom dei ulike narkokartella i Colombia.

Det som har skjedd i Medellin er ein blodig maktkamp internt i blant hans tidlegare underordna i «Kontoret». I 2009 vart 3000 menneske drepne i byen. I fjor vart ein av rivalane arrestert, og etter det har gruppa reorganisert seg under ein ny leiar.

No er dei i krig med Urabenos-klanen, eitt av dei nye og sterkt veksande narkotikakartella i Colombia. Urabenos etablerte seg etter fredsavtalen med dei paramilitære gruppene i 2005.

Leiarane var tidlegare mellomleiarar i dei paramilitære gruppene, som reorganiserte dei gamle avdelingane sine, og gjekk tilbake til det dei kunne best, narkotikatrafikk.

LES OGSÅ: Narkobaron tatt

Militær disiplin og narko

Urabenos-klanen står sterkt over heile det nordlege Colombia, og det nye med denne gruppa er at dei har innført militær disiplin innanfor organisert kriminalitet.

– Dei tenkjer ikkje som normale narkosmuglarar, seier Jeremy McDermott, grunnleggjar av Insight Crime, ein tenkjetank som har spesialisert seg på organisert kriminalitet i Sør-Amerika.

– Dei har ekstraordinære kunnskapar om politikk, blanda med tung, kriminell erfaring, seier han til The Guardian.

Målet til Aurabenos er klart. Dei vil ta makta over narkotikatrafikken og dermed underverda i Medellin. Derfrå kan dei kontrollere den store lokale narkotikamarknaden og posisjonere seg for å forhandle med dei store meksikanske mafiagruppene, som står for smuglinga av narkotikaen til USA.

Byter narkotika mot våpen

Ein liten narkobaron i Medellin seier det slik:

– VI får våpen frå Mexico, og vi leverer narkotika til dei.

Politiet i Medellin har den siste tida arrestert fleire leiarar i «Kontoret», blant anna broren til mannen som skal vere den noverande toppsjefen.

Ein menneskerettsaktivist i Medlellin, Jesus Sanchez, trur ikkje dette vil føre til slutt på narkokrigen i byen. Styresmaktene må auke innsatsen for å hjelpe dei fattige til eit betre liv, seier han.

Sanchez fortel om det klassiske dilemmaet mange unge, fattige menn står overfor:

– Går for pengar og makt

– Når ein ung mann ikkje får seg jobb, får han med ein gong sjansen til å bli med i ein av gjengane, og dermed får han alle pengane han treng.

Ein gjengleiar seier det slik til The Guardian:

– Skal det bli ei endring, så må folk verkeleg ynskje ei endring. Men folk vil alltid gå for pengar og makt.

Gigantbeslag av kokain i Medellin

Dette gigantbeslaget av kokain vart gjort i Medellin i slutten av juni i fjor.

Foto: Luis Benavides / AP

Utvalgte dokumentarer

Br. dokumentar. Den 23 år gamle medisinerstudenten Jyoti Singh ble brutalt voldtatt av seks menn på en buss i Dehli. Hun døde senere av skadene. Hennes fryktelige skjebne utløste sterke protester og gateopptøyer i India, og førte til endringer i loven. Singhs voldtektsmenn snakker ut mens de venter på å bli hengt. Deres verdier og tankesett speiler et skjevt patriarkalsk samfunn som ser på kvinner som annenrangs, og til og med uønsket. (Indias Daughter)
Norsk dokumentar. Konflikten mellom Israel og Palestina handler om at to folkeslag sier "mitt land" om det samme området. Vi møter to sterke kvinner, Fathie som måtte flykte til Libanon i 1948 og ønsker å få dø i sin hjemby Jaffa, og Susi som mistet sine foreldre i Auschwitz og ble smuglet ut av leiren og holdt skjult til krigen var slutt. Nå drømmer hun om en stat forbeholdt jøder. På en stillferdig måte gir filmen et innblikk i de grunnleggende motsetningene som gjør denne konflikten så komplisert. (My Homeland)
Dansk-tysk dokumentar. Dette er historien om hvordan Edward Snowden greide å slippe unna USAs etterretningstjeneste. Etter at han hadde utlevert flere hemmelige dokumenter enn noen gang tidligere i USAs historie, startet en omfattende menneskejakt. Hvordan var det mulig for Snowden å unnslippe? DR har fått unik adgang til å intervjue Snowden som fortsatt sitter i asyl i Moskva, Sarah Harrison fra Wikileaks som hjalp ham under flukten og hans far. Tidligere leder for National Security Agency, Michael Hayden, forteller om hvor mye som sto på spill for USA.