Den 60 år gamle fiskaren køyrde saman med ein kamerat til ein innsjø vest for hovudstaden Minsk i Kviterussland, når han fekk auge på ein bever som sto i vegkanten. Han stoppa bilen for å bli avbilda saman med dyret.
Då han forsøkte å ta tak i beveren, vart han biten fleire gonger. Eitt av bitta kutta av ein stor arterie i foten, noko som førte til massivt blodtap. Vennen hans klarte ikkje stoppe blødinga, og han vart erklært død då han hamna på sjukehuset.
- LES OGSÅ:
– Sjokkerande
Dette var det mest alvorlege av ei rekkje beverangrep i landet den siste tida. Dyra har blitt meir aggressive ved møte med menneske, etter å ha vandra nær hus, butikkar og skular.
– Skadane til 60-åringen var heilt sjokkerande for oss som er helsepersonell. Me har aldri vore borti noko slikt før, fortel landsbylegen Leonty Sulim til nyheitsbyrået AP.
Mannen er den einaste personen som har blitt drepen av ein bever i Kviterussland.
Tidlegare har beverane vore eit populært jaktbytte i Europa, noko som gjorde bestanden utryddingstruga. Men etter forbod eller restriksjonar på jakt har beverane gjort eit «comeback».
- NETT-TV: Ut i naturen: Beverdalen
Oppfordrar til jakt
Berre i Kviterussland har beverpopulasjonen tredobla seg i løpet av det siste tiåret. No er det ifølgje ekspartar rundt 80,000 beverar i landet. Dette har ført til at beverar oppsøker område der det bur folk, og skapar fleire konfliktar.
Landbruksdepartementet i Kviterussland oppfordrar folk til å jakte på beveren, etter at den har forårsaka større skader på skog og gardar. Men sidan beveren er eit lett bytte å få auge på nær demningar, så er det ikkje eit høgstatusbytte i jegermiljøa.
– Å jakte bever er meir som ein jobb, seier talsmann Alexander Kozorez i landbruksdepartementet.
- Norske Statskog: – Kom deg ut og skyt bever
Beveren kan vege opp til 30 kilo og måle éin meter når dei står oppreist. I Norge lever beveren blant anna i vassdrag i Agder og i Telemark.