Hopp til innhold

Berlusconi: - Tåpelege skuldingar

Den italienske statsministeren, Silvio Berlusconi, møtte måndag i retten for første gong på nesten åtte år.

Video 483d919b-6e6f-4456-ba03-fa1135e2c10a.jpg

Korrupsjonssikta Silvio Berlusconi hadde måndag tid til å møta i retten for første gong sidan juni 2003.

Berlusconi har ein kø av rettsaker mot seg, men har i løpet av dei siste sju åra greidd å vri seg unna oppmøte når sakene mot han har vorte handsama i retten.

Førre gong han møtte opp i eit rettslokale var i juni 2003.

No har den kontroversielle statsministeren endra haldning, og seier han vil møta i så mange høyringar som råd i håp om å overbevisa retten om at han er uskuldig.

Berlusconi

Silvio Berlusconi på veg til rettssaka mot han i Milano måndag.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

– Heilt absurd

Berlusconi har tidlegare uttalt til BBC at han fram til no har vore tiltalt i heile 50 saker - ein verdsrekord, ifølgje han sjølv.

Berlusconi eig ein stor del av italienske media. Måndag er det skuldingar om bedrageri og underslag i samband med kjøp av fjernsynsrettigheiter som står på agendaen. Også sonen til Berlusconi og fleire andre er sikta i saka.

Det var likevel ein blid og sjølvsikker statsminister som vinka til pressekorpset før han gjekk inn til rettssaka i Milano, som vert ført bak lukka dører.

– Alle rettssakene mot meg er tåpelege og heilt absurde og byggjer ikkje på nokonting, sa han i eit intervju med italiensk fjernsyn.

74 år gamle Berlusconi må også seinare møta i retten for å svara på skuldingar om at hanskal ha kjøpt sex av ei 17 år gammal jente.

SISTE NYTT

Siste nytt