Hopp til innhold

Ber folk om å halde seg inne på dagtid

Rekordhøge temperaturar har kravd over 600 menneskeliv i India dei siste dagane.

Ein kvil i heten

HETEBØLGE: Ein rickshaw-sjåfør tek seg ein lur i heten.

Foto: Manish Swarup / Ap

Myndigheitene har bede folk om å halde seg inne på dagtid og å drikke mykje væske, men for mange kallar jobben, og ofte er den utandørs.

– Av og til er eg så lei av heten at eg sluttar tidlegare. Det er så varmt no at nokre gonger søkk blodtrykket mitt, pulsen aukar og kroppen min startar å verke. Eg tener fem-seks dollar om dagen, og på ein varm dag som denne tener eg endå mindre ettersom dei fleste held seg inne. Det er frustrerande å vente i varmen for pendlarane, men likevel, eg må ut på vegen kvar dag, for barna mine si skuld, seier rickshaw-sjåføren Raju frå New Delhi til BBC.

Flest døde i sør

Den høgste temperaturen har vorte målt i Allahabad i Uttar Pradesh, med heile 48 grader. Temperaturen i hovudstaden New Delhi har vore oppe i 44 grader.

I byen Kolkata (tidlegare Calcutta) vert taxiar utan aircondition teke ut av drift fem timar dagleg etter at to sjåførar døydde av heteslag. Dei skrur til gjengjeld opp prisen på kveldstid, for å kompensere for tapet.

Dei fleste av dei omkomne er bygningsarbeidarar, eldre og heimlause, utan tilgang til ly eller vatn. Mange av dødsfalla har skjedd i dei sørlege statane Telangana og Andhra Pradesh. Hetebølga starta her allereie i april, men har forverra seg den siste veka.

En togpassasjer kjøler seg ned ved skinnene i Jammu, India.

KJØLER SEG NED: Ein togpassasjer kjøler seg ned ved togskjenene i Jammu, Kashmir

Foto: Channi Anand / Ap

Ventar på monsunen

Og den vil halde fram endå nokre dagar. Heldigvis kan monsunen kome indarane til hjelp allereie til helga. Monsunen kjem truleg rundt 1. juni ifølge meteorologane som følger monsunen nøye. Den er svært viktig for jordbruket, og etter ein dårleg start på året er dei ekstra spente. Vassmangelen er også kritisk for elektrisiteten i landet.

India er svært utsett for hetebølger, som stadig oftare råkar landet.

SISTE NYTT

Siste nytt