Hopp til innhold

Georgiarar uroa over «Satans merkje»

Den ortodokse kyrkja i Georgia måtte ut med ei kunngjering om at dei nye elektroniske identitestkorta i landet ikkje ber Satans merkje.

Ilia II Georgia

Ilia II av Georgia er den noverande patriarken for den georgiske kyrkja, som famner om kring 80 prosent av befolkninga i landet.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Bekymringsmeldingar frå truande strøyma inn til den ortodokse kyrkja i Georgia.

Den elektroniske chippen på dei nye ID-korta hadde tala 666 på seg.

I ei kunngjering roa kyrkja folk med at dette ikkje representerer noko vondt.

– Det heilage kyrkjemøtet kunngjer at frå kyrkja og den teologiske læra sin ståstad representerar ID-kort slik dei er i dag ikkje merkjet til Antikrist, sa kyrkja i ei fråsegn, melder AFP.

– Bør få velje sjølve

Men kykjemøtet la til at sjølv om det ikkje finst noko religiøst argument mot ID-korta, burde alle borgarar sjølve få velje kva identitetsdokument dei ber med seg.

Dei elektroniske korta blir nytta for å få tilgang til ei rekkje offentlege tenester, og til å fungere som ein digital signatur for ofisielle dokument.

Georgia er ein for det meste sterkt truande nasjon, der kyrkja har stor makt og den orotodokse patriarken er den mest respekterte figuren i safunnet.

SISTE NYTT

Siste nytt