Laxmi Sargara med beviset på et ekteskapet er oppløyst. - Laxmi Sargara (18) nekta å godta at ho vart bortgift som eittåring. - Foto: STR / Afp

Laxmi Sargara (18) nekta å godta at ho vart bortgift som eittåring.

Foto: STR / Afp

Vart gift bort som eittåring - fekk ekteskapet annullert etter 17 år

Indiske Laxmi Sargara (18) vart gift bort då ho vart eitt år gammal. No har som første kvinne i India fått annullert eit barneekteskap.

Laxmi Sargara med beviset på et ekteskapet er oppløyst. - Laxmi Sargata med beviset på at barneekteskapet er oppløyst. - Foto: STR / Afp

Laxmi Sargata med beviset på at barneekteskapet er oppløyst.

Foto: STR / Afp

Barneekteskap er ikkje lenger lovleg i India, men like fullt er det vanleg ein del stader i landet å inngå avtale om ekteskap medan borna er små. Slike ekteskap er vanlege på landsbygda og i fattige område, slik som i delstaten Rajastan.

Mannen Laxmi vart bortgift til er to år eldre enn henne.

Vaks opp hos familien sin

Laxmi Sargara har vakse opp hos familien sin på vanleg måte, og ho visste ingenting om at ho alt var gift før ganske nyleg. Då kom familien til mannen ho vart gift bort til som eittåring og ville hente henne heim til han. Ho skulle starte eit nytt liv saman med han ho vart gift med som eittåring.

Men Laxmi hadde bein i nasen og nekta å vere med på det.

– Eg ville ikkje gifte meg, sjølv om foreldra mine ville at eg skulle gjere det. Då søkte eg hjelp, seier ho til det franske nyheitsbyrået AFP.

Ho fekk hjelp hos ein frivillig organisasjon, The Sarathi Trust i byen Jodhpur.

For første gong

– Ho var deprimert. Ho likte ikkje guten ho var gift med, og ho nekta å gjere som foreldra sa, seier Kriti Bharti, som arbeider for Sarathi Trust. Ho fortel at dette er første gongen eit barneekteskap har blitt annullert.

– Vi håper at andre får inspirasjon av dette og gjer som Laxmi, seier ho.

Mannen ho var gift med, Rakesh, ville først ikkje oppløyse ekteskapet, men gjekk med på det etter samtalar med The Sarathi Trust.

Dermed kunne Laxmi og Rakesh saman underteikne eit dokument som oppløyste barneekteskapet i nærvær av notarius publicus i Jodhpur.

Vanleg i India

Narayan Bareth, ein journalist i delstatshovudstaden Jaipur, seier at ei fersk undersøking viser at 10 prosent at jentene i delstaten blir gifte bort før dei fyller 18 år.

FNs barneorganisasjon UNICEF opplyser at 40 prosent at alle barneekteskap i verda blir inngåtte i India, trass i at indiske styresmakter har gjort mykje dei siste åra for å få slutt på uvesenet.

LES OGSÅ: Anmeldt for barneekteskap i Oslo

LES OGSÅ: - Finnes ingen tvangsekteskap

LES OGSÅ: Barneekteskap anmeldt til politiet

LES OGSÅ: Barnebruder – en ulykkelig historie

Utvalgte dokumentarer

No. dokumentar. Sumaren 1989 opnar grensa mellom Østerrike og Ungarn nokre dagar. Eit ungt par fra Aust-Tyskland, Gundula Schafitel og Kurt-Werner Schultz, bestemmer seg for å krysse grensa med den seks år gamle sonen. Men før dei når fram, har grensa blitt stengd igjen. Når dei likevel prøver å komme seg over, blir Kurt-Werner skoten og drepen framfor Gundula og sonen. Hendinga får store ringverknader, og blir byrjinga på murens fall.
Am. dokumentar. En surrealistisk og utrolig historie om en flyktig kjærlighetsaffære mellom to fiendtlige supermakter på høyden av den kalde krigen. Denne historien kunne blitt slutten på stillingskrigen lenge før Gorbatsjov. Høsten 1959 drar Sovjetunionens leder, Nikitia Khrusjtsjov, til Washington på det han senere beskriver som sitt livs reise. På samme tid bygde vanlige amerikanske borgere tilfluktsrom i hagene sine i frykt for en russisk atombombe. Khrusjtsjov både forførte og skremte amerikanerne på de to ukene han var på besøk. (Khruschev Does America)
Svensk dokumentar. Da den sovjetiske ubåten U137 gikk på grunn utenfor Karlskrona i Sverige i oktober 1981, var det mange detaljer som aldri kom fram i mediene. Nye opplysninger og vitnemål kaster nå nytt lys over hendelsesforløpet.