US-121160812 Rick Perry And Michelle Bachmann - Michele Bachmann på stemmesanking i fødebyen Waterloo i delstaten Iowa. - Foto: SCOTT OLSON / Afp

Michele Bachmann på stemmesanking i fødebyen Waterloo i delstaten Iowa.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Gallionsfigur for Tea-party-rørsla og presidentkandidat for høgresida i amerikansk politikk, Michele Bachmann, deler synspunkt med kontroversielle forfattarar som forsvarar slavedrifta i USA på 1800-talet.

Forfattarane meiner at slavane var heldige, og at det var umenneskeleg å setja dei fri i 1860-åra.

– Slavane var heldige

Det kjem fram i siste utgåve av magasinet The New Yorker. I eit portrett av Bachman skriv journalisten at Tea-party-yndlingen har trykt ei rekkje bøker med ekstremistiske synspunkt til sitt bryst på kampanjesida.

Høgt oppe på lista over Bachmans «må-lesa-bøker», står ein biografi om den legendariske sørstatsgeneralen Robert E. Lee, skriven av J. Steven Wilkins.

Ifølgje forfattaren vart dei ortodokst kristne sørstatane urettferdig angripne av det gudsforlatte nord under borgarkrigen i USA. Slavar som vart frakta frå Afrika til Amerika var heldige, meiner Wilkins.

Forfattaren forsvarer sine synspunkt med at Afrika var «gjennomsyra av ondskap og barbari», og at slaveeigarane gav slavane sine eit betre liv enn det dei kunne oppnå på heimebane.

– Verre under Obama

Sterkt Obama-kritiske Bachmann vann i helga eit uhøgtideleg, republikansk prøveval i delstaten Iowa.

Det høgrekonservative kongressmedlemmet sa sigeren var ein klar beskjed til Washington frå amerikanarar som er frustrerte med den økonomiske situasjonen.

Bachmann har sjølv teke til orde for at mørkhuda born var betre stilte i slavetida enn det dei er no, under ein afroamerikansk president.

Ho skapte stor furore i media då ho for eit par månader sidan støtta eit utsegn framsett av dei sosialkonservative i Iowa, ifølgje Politiken.

Utsegnet hevda at mørkhuda born fødde i slavetida hadde større sannsyn for å veksa opp i ein hushaldning med både ei mor og ein far enn afroamerikanske born fødde etter valet av Barack Obama.

– Umenneskeleg å setja slavane fri

Ein annan kontroversiell forfattar som haustar lovord frå Bachman, er jusprofessoren John Eidsmoe. Bachmann hadde Eidsmoe som mentor og arbeidde som researchassistent for professoren då han skreiv boka «Kristendommen og Grunnlova» (1995).

Juristen Eidsmoe hevdar i boka at mange kristne slaveeigarar var motstandarar av slavedrift, men at dei ikkje sat slavane sine fri av miskunn.

«Det kunne vera svært vanskeleg for ein befridd slave å leva i eit slikt økonomisk system. Under slike omstende var det både umenneskeleg og uansvarleg å setja fri slavane sine», skriv han.

I vår roste Bachmann Eidsmoe opp i skyene då ho tala til ein kyrkjelyd i Iowa.

– Ein av dei som har hatt stor innverknad på meg er John Eidsmoe. Han har teologiske og juridiske ferdigheiter. Han er genial. Han har lært meg så mykje om vår guddommelege arv, sa det republikanske stjerneskotet.